Torodd Kinn sine anar
med utgangspunkt i oldefar Anders Madsson Batalden
Oppdatert 16. januar 2011

På desse sidene sporar eg anane mine bakover, generasjon for generasjon og par for par.
Sidene er under utvikling! Eg har mykje meir stoff liggjande enn det som eg har presentert her, og det er meininga at sidene skal vekse og få nye avleggjarar smått om senn.

Til heimesida
Spørsmål, kommentarar, rettingar? Skriv til <kinning ÆTT online.no>.


Tippoldeforeldre III i Batalden (på Store Langøya) i Flora
20. Mads Andreas Andersson f. 1838-03-09, Tyvågen (dvs. Svanøya) i Flora
far: 40. Anders Rasmusson
d. 1900-09-26, Batalden (Store Langøya) i Flora
mor: 41. Anne Madsdotter
21. Anne Juditte Aleksandersdotter f. 1836-04-05, Batalden (Russøya?) i Flora
far: 42. Aleksander Ananiasson
d. 1915-01-25, Batalden (Store Langøya) i Flora
mor: 43. Juditte Bertelsdotter
Mads vart døypt 11. mars 1838. Fadrane var Gunnar Ananiasson, Mads Salomonsson Apneset, Andreas Gjertsson, Pernille Gjertsdotter, Ales Ingvaldsdotter Tyvåg. Foreldra budde i Tyvågen på Svanøya, og Mads hadde to eldre sysken, Lydia og Rasmus, og ei yngre syster (sjå foreldra). Men faren døydde i 1840, og mora gifta seg igjen med Nils Sørensson. Dei flytta då til Gripland på Svanøya, og Mads fekk etter kvart ei halvsyster.

Anne vart døypt 17. april 1836. Fadrane var Jan B. Batalden (morbror), Jens O. Barekstad, Kristi A. s.st., Inger B. Skorpa (moster?) og Abigael M. Batalden. Foreldra budde i Batalden, truleg på Russøya, og Anne hadde ei eldre syster, Elen, og to yngre sysken (sjå foreldra). Faren kom vekk på sjøen i 1842, og mora gifta seg opp att i 1850 med Jens Johannesson.

Mads og Anne gifta seg i 1864. Éin av forlovarane var Nils Bertelsson Langøy (hennar morbror). Den andre er vanskeleg å lese; det kan sjå ut til at det står snikkar frå Eivindvik ("Snedker af Evindvik"). Mads budde då på Store Langøya, og der busette dei seg. Ved folketeljinga i 1865 budde dei som innerstfolk hos morbroren hennar, Nils Bertelsson, med dottera Oleanne. Mads var fiskar. Ved folketeljinga i 1875 hadde dei fått dei tre eldste barna. Dei var husmannsfolk med jord, og Mads dreiv fiske. Dei hadde eitt ungnaut og seks sauer. Dei hadde sett 1/4 tønne poteter og brukte 1/4 mål til "andre Rodfrugter".

Ei tid dreiv Mads landhandel. Han døydde av kreft 26. september 1900. Ved folketeljinga i 1900 budde enkja Anne på Store Langøya hos sonen Samson og familien hans. Ho dreiv landhandelen enno, saman med sonen Samson og svigerdottera Emilie. Ved folketeljinga i 1910 budde Anne framleis hos sonen Samson på Langøya. Anne døydde 25. januar 1915.
g. 1864-07-09: Mads Andersson og Anne Aleksandersdotter
Barn:
1865-08-22: Oleanne Juditte
1867-09-13: Anders Olai
1874-02-01: Samson Andreas Elias
1877-09-29: Nils Andreas


Oleanne gifta seg i 1888 med Johannes Olsson frå Skorpa i Hyllestad. Ved folketeljinga i 1900 budde dei på Vevlingen i Batalden med to døtrer og tre søner. Dei var husmannsfolk med jord, og Johannes var murar og fiskar. I 1910 var dei husmanns- og fiskarfolk på Vevlingen. Dei hadde då ni barn (jf. nedanfor), og hos dei budde ei Nille Johannesdotter frå Hyllestad (eldre ugift kvinne; kanskje ein slektning av Johannes?).  Iallfall desse barna nådde konfirmasjonen: Anne Marte (f. 1890), Marie Olivia (f. 1892), Ole Vilhelm (f. 1894), Anders Olai (f. 1896), Magnus Olai (f. 1898), Jenny Amanda (f. 1901), Johan Fredrik (f. 1902), Erling (f. 1905), Sofie (f. 1908).

Anders

Samson gifta seg i 1897 med Emilie Kristine Johansdotter Mikkelborg. Ho var frå Sleipnes i Rødøy i Nordland. Ved folketeljinga i 1900 budde dei på Store Langøya med to døtrer og hans brorson Magnus Andersson (sjå Oldeforeldre II). Samson var fiskar og handla med fisk, og han og kona arbeidde i landhandelen til mor hans. I 1910 var dei husmanns- og fiskarfolk på Langøya. Dei hadde då sju barn (sjå nedanfor), og mor hans, Anne, budde hos dei. Iallfall desse barna nådde konfirmasjonen: Agnete Josefine (f. 1898), Margit Alberta (f. 1900), Harald Elias (f. 1901), Sigurd Emil (f. 1903), Astrid Oliva (f. 1905), Olav Matias (f. 1908), Dagmar (f. 1910), Ragna (f. 1912), Gudrun (f. 1914), Trygve (f. 1919).

Nils emigrerte til USA. Ved folketeljinga i 1900 var han på vitjing hos mora. Han reiste tilbake 2. april 1901. Han var farmar i North Dakota. Ved den amerikanske folketeljinga i 1910 budde det ein farmar kalla Andrew Mattewson i Kroeber School District i Logan county i North Dakota; kan dette namnet vere ei omforming av Andreas Madsson? Denne Andrew var gift med ei norsk kvinne kalla Gertrude (Gjertrud).


Tipptippoldeforeldre V i Tyvågen (Svanøya) i Flora
40. Anders Rasmusson f. 1792, Erikstad i Flora
far: 80. Rasmus Olsson
d. 1840-01-05, Tyvågen i Flora
mor: 81. Nille Simonsdotter
41. Anne Oline Madsdotter f. 1799, Apneset i Naustdal
far: 82. Mads Olsson
d. 1878, Gripland i Flora
mor: 83. Anne Simonsdotter
Anders var fødd og voks opp på Erikstad. Han var eldst av syskena i faren sitt andre ekteskap.

Anne var fødd og voks opp på Apneset.og hadde fleire sysken.

Anders og Anne gifta seg i 1828. Dei var syskenbarn; mødrene var systrer. Dei var husmannsfolk i Tyvågen fram til 1834, då Anders bygsla jord der. Anders døydde i 1840.

Anne gifta seg med Nils Sørensson frå Stavang  i 1842. Nils hadde bygsla jord på Gripland sidan året før, og dei busette seg der. Nils døydde 23. august 1860. Enkja Anne fekk kårbrev frå jordeigaren Hans Svanø.Ved folketeljinga i 1865 budde ho på kår hos sonen Rasmus og kona hans. Ved folketeljinga i 1875 budde ho der framleis. Ho hadde to kyr og tre sauer. Anne døydde i 1878.
g. 1828-06-22: Anders Rasmusson og Anne Madsdotter
Barn:
1829-01-21: Lydia Gurine
1834-01-09: Rasmus Andreas
1838-03-09: Mads Andreas
1840-10-04: Anne Nikoline

g. 1842-07-16: Nils Sørensson og Anne Madsdotter
Barn:
1843-04-07: Birte Susanne


Lydia vart gift i 1860 med Ole Andreas Madsson frå Stavøya. Dei busette seg på Stavøya og hadde gard der. Barn: Nille Andrea Hille (1861), Hille Marie Margrete (1863), Anne Oline (1865), Oline Massi (1867), Johannes Ananias (1871), Serine Helene (1873). Ved folketeljinga i 1865 budde dei på Stavøya med dei tre eldste døtrene og foreldra hans, Mads Henrik Olsson og Marte Nilsdotter, som hadde kår. Dei hadde to drenger og taus, og dei heldt hest og hadde storfe, sauer og gris og dyrka havre og poteter. Lydia døydde i 1884; mannen levde då framleis.

Rasmus vart gift i 1864 med Anne Oline Andersdotter frå Svanøya. Ved folketeljinga i 1865 budde dei på Gripland med mor hans. Dei hadde gard med dreng, taus og gjetar, og dei heldt hest og hadde storfe, sauer og gris og dyrka havre og poteter. Det ser ikkje ut til at dei fekk barn.

Mads

Anne Nikoline vart gift i 1862 med Nils Johannes Martinsson frå Kvalstad. Dei busette seg på Kvalstad. Barn: Anders Ananias (1863) og Elen Andrea (1865), Martin Andreas (1867), Anne Gurine (1870), Nille Petrine (1875). Ved folketeljinga i 1865 hadde dei  dottera Elen. Der budde og foreldra hans på kår: Martin Nilsson og Pernille Olsdotter, og dessutan Gunnhild Martinsdotter, som truleg var mor til Martin. Syster til Nils budde òg der, og dei hadde dreng og to tauser. Dei heldt hest og hadde storfe, sauer, geiter og gris. Dei dyrka bygg, havre og poteter. Ved folketeljinga i 1900 budde dei på kår på Træet på Kvalstad, hos sonen Martin og kona Lydia Ananiasdotter, som hadde fire born. Der budde òg dottera Nille, som var ugift, men hadde ei dotter.

Birte vart gift i 1865 med enkjemannen Gunnar Andreas Ananiasson frå Stavestranda i Askvoll. Han var plassmann, kyrkjesongar og skulelærar. Dei budde seg på Stavestranda. Ved folketeljinga i 1865 hadde dei ikkje felles barn, men han hadde tre søner. Der budde òg Sara Gjertsdotter på kår; ho var vel mor til Gunnar. Dei hadde taus, og dei heldt hest og hadde storfe, sauer, geiter og gris. Dei dyrka havre og poteter. Eg har ikkje undersøkt om dei fekk barn på Stavestranda. Seinare flytta dei til Stavøya, og der fekk dei sonen Gustav Bertinus i 1876. Birte døydde på Stavøya i 1885. Det ser ut til at mannen levde framleis.


Tipptippoldeforeldre VI i Batalden (på Russøya) i Flora
42. Aleksander Ananiasson f. 1808, Skorpa i Flora
far: 84. Ananias Jonsson
d. 1842-01-13, Batalden i Flora
mor: 85. Gjertrud Pålsdotter
43. Nille Juditte Bertelsdotter f. 1811, Batalden i Flora
far: 86. Bertel Nilsson
d. 1857-09-17, Batalden i Flora
mor: 87. Anne Nilsdotter
Aleksander var fødd og voks opp på Skorpa. Han hadde mange halv- og fullsysken.

Juditte var fødd og voks opp i Batalden. Ho var den eldste av fleire sysken.

Aleksander og Juditte gifta seg i 1833. Dei vart husmannsfolk i Batalden, truleg på Russøya; dei budde der då han døydde. Aleksander drukna i 1843 og vart aldri funnen.

Juditte gifta seg igjen i 1850 med Jens Johannesson, som kom frå Ånnøya, men no budde i Batalden. Dei busette seg truleg på Vevlingen i Batalden. Juditte døydde i 1857.

Ved folketeljinga i 1865 budde Jens som enkjemann på Vevlingen med dottera Bolette. Der budde og tausa Elen Johannesdotter (syster?) og hennar son Johannes Mikalsson. Dei var plassfolk og hadde 5 storfe og 15 sauer og dyrka havre og poteter.

Når døydde Jens? Truleg etter 1885.
g. 1833-05-27: Aleksander Ananiasson og Juditte Bertelsdotter
Barn:
1833-10-31: Elen Matea
1836-04-05: Anne Juditte
1839-02-02: Inger Oline Lovise
1841-11-02: Ananias Desiderius

g. 1850-07-02: Jens Johannesson og Juditte Bertelsdotter
Barn:
1850-09-15: Bolette Serine


Ved folketeljinga i 1865 var Elen ugift tenestejente hos Gunnar Larsson og Abigael Martinsdotter på Hillersøya i Batalden. Elen døydde ugift i Batalden i 1890.

Anne

Inger vart gift i 1863 med Kristen Kristensson frå Vollåker i Luster. Dei busette seg i Batalden (Fanøya?). Barn: Anne Sofie Juditte (1863), Anne Birgitte (1865), Anne Katrine Dortea (1867), Kristine Serine (1870), Jensine Erikke (1872), Sofie Kristine (1875, d. 1881), Inger (1877), Kristoffer (1880). Ved folketeljinga i 1865 hadde dei dei to eldste døtrene, kalla Juditte og Anne. Dei hadde ikkje jord og levde av fisket. Kristen og Inger emigrerte til USA i 1886 (jf. bind 2b av Batalden-bøkene til Trond Strømgren). Alle barna (med unnatak av Sofie, som var død) emigrerte i åra 1885 til 1887. Familien busette seg i Leeds i North Dakota. Kristen var først med på bygginga av ei jernbanelinje mellom Fargo og Leeds. Seinare kjøpte han jord i Leeds. Ifølgje Batalden-boka levde det ca. 1600 etterkommarar av Kristen og Inger i USA i 2008.

Ved folketeljinga i 1865 var Ananias losjerande fiskar hos Bernt Olsson på Hillersøya i Batalden. Han hadde ei tenestejente, Jørgine Johanne Madsdotter frå Hillersøya. Ananias og Jørgine gifta seg i 1866. Barn: Susanne Oleanne (1866), Matias Johannes (1871), fleire? Ved folketeljinga i 1900 budde dei på Aldeholmen i Batalden som plassfolk. Der budde òg dottera Anna (1886).

Ved folketeljinga i 1865 budde Bolette hos faren på Vevlingen i Batalden. Ho gifta seg med Ludvig Olai Berntsson frå Skorpeidet i 1875. Då den eldste dottera vart fødd året etter, budde dei på Skorpeeidet. Ved folketeljinga i 1900 budde dei som plassfolk på Vevlingen med fem barn: Marie Juditte (1876), Bernt (1882), Anne (1885), Johan (1888),  Laura (1892).


Tipptipptippoldeforeldre IX på Erikstad i Flora
80. Rasmus Olsson
f. ca. 1748, anten Øyra i Flora eller Ommedal i Gloppen
far: 160. Ole Andersson
d. 1808, Erikstad i Flora
mor: 161. Anne Rasmusdotter
81. Nille Simonsdotter
f. 1759, Stavang i Flora
far: 162. Simon Olsson
d. 1839-12-26, Erikstad i Flora
mor: 163. Anne Andersdotter
Opphavet til Rasmus er ikkje heilt sikkert fastslått, men det er svært truleg at han var son av Ole Andersson Øyra og Anne Rasmusdotter frå Ommedal i Gloppen. Ved skiftet etter Anne Rasmusdotter i 1760 levde sonen Rasmus på 12 år, og han er den einaste kjende Rasmus Olsson i Kinn med om lag rett alder i høve til den som er oppgjeven ved folketeljinga i 1801.

Nille var fødd og voks opp i Stavang.

Rasmus gifta seg først med Ales Jonsdotter i 1776. Då vart han skriven som busett på Svanøya. Ales var enkje og hadde budd på Erikstad. Ho hadde vore gift med Kornelius Nilsson. Rasmus og Ales busette seg òg på Erikstad, og Rasmus bygsla garden frå 1779. Ales døydde i 1791.

Rasmus og Nille gifta seg i 1792. Dei budde på Erikstad, og ved folketeljinga i 1801 budde dei der med dei fire felles barna. Rasmus døydde i 1808.

Nille heldt fram med bygselen til ho døydde i 1839.
g. 1776-12-29: Rasmus Olsson og Ales Jonsdotter
Barn:
1778: Kornelius
1783? Ananias

g. 1792-05-12: Rasmus Olsson og Nille Simonsdotter
Barn:
1792: Anders
1794: Gunnar
1796: Simon
1799: Anne Oline (el. Olave)


Kornelius levde ved skiftet etter mora i 1791.

Ananias ser ut til å ha vore tenar hos gjestgjevar Petter Falk i Vågane i 1801. Han vart gift i 1809 med Sara Juditte Gjertsdotter frå Kvalstad eller Rabben.

Anders

Gunnar levde i 1801.

Simon gifta seg i 1827 med Oline Olsdotter frå Oslandsbotnen i Askvoll. Han var då skulehaldar.

Anne gifta seg med Jens Johannesson frå Nervika i Askvoll i 1824. Dei busette seg på Osland i Askvoll. Barn: Rasmus (1825), Lovise (1826), Gjerke Lydia (1828). Anne døyde i 1828.


Tipptipptippoldeforeldre X på Apneset i Naustdal
82. Mads Olsson
f. ca. 1774, Apneset i Naustdal
far: 164. Ole Larsson
d. 1841-12-28, Apneset i Naustdal
mor: 165. Oline Jonsdotter
83. Anne Marie Simonsdotter
f. 1768, Stavang i Flora
far: 162. Simon Olsson
d. 1849-01-22, Apneset i Naustdal
mor: 163. Anne Andersdotter
Mads var fødd og voks opp på Apneset. Han overtok bygselen av eit bruk der etter faren, som døydde i 1790.

Anne var fødd og voks opp i Stavang.

Mads og Anne gifta seg i 1795. Ved folketeljinga i 1801 budde dei på Apneset med døtrene Oline og Anne Oline, Ingvald, tvillingbroren til Mads, og to tauser. I 1833 overtok sonen Salomon bruket. Mads døydde i 1841, Anne i 1849.
g. 1795-06-15: Mads Olsson og Anne Simonsdotter
Barn:
1795: Oline
1798: Anne
1799: Anne Oline
1802: Salomon
1805: Anders
1808: Rakel


Oline vart gift i 1829 med Ole Andreas Ingvaldsson frå Apneset. Barn: Ingeborg Oline (1830), Andreas (1831), Anders (1834), Elen (1837), Andreas Samson (1840). Oline døydde på Apneset i 1877.

Den første Anne døydde i 1798.

Den andre Anne

Salomon vart gift med Anne Johanne Nilsdotter i 1832. I kyrkjeboka står det at ho var  frå Sortevika, i bygdeboka står det Apneset. Han overtok bruket på Apneset etter faren. Barn: Oline Susanne (1833), Mads Andreas (1835), Mads Andreas (1837), Nils Andreas (1840), Elen Sofie (1842), Susanne Marie (1845), Susanne Marie (1847). I 1851 vart Salomon gift med Hille Henriksdotter frå Mula. Han døydde i 1878.

Anders gifta seg i 1835 med Olave Rasmusdotter frå Kvalstad. Han var då busett på Kvalstad.

Rakel vart gift i 1834 med Ole Peder Ananiasson frå Apalset. Dei budde på Apalset. Barn: Søren Ole (1835), Johannes Ole (1835), Anne Sofie (1838), Anders Martin (1840), Anne Massi (1841), Anders (1845), Andreas Salomon (1845), Birte Andrea (1848), Anne Sofie (1850). Rakel døydde i 1884.


Tipptipptippoldeforeldre XI på Skorpa i Flora
84. Ananias Jonsson
f. 1773, Nærøyane i Flora
far: 164. Jon Edvardsson
d. 1843-01-12, Skorpa i Flora
mor: 165. Sara Andersdotter
85. Gjertrud Pålsdotter
f. 1770, Skorpeeidet i Flora
far: 166. Pål Larsson
d. 1847-04-21, Skorpa i Flora
mor: 167. Dorte Olsdotter
Det er truleg at foreldra til Ananias var Jon Edvardsson og Sara Andersdotter. I så fall var Ananias fødd på Nærøyane, men voks opp på Barekstad. Jon Edvardsson Nærøyane vart gift med Sara Andersdotter i 1773, og dei fekk ein son Ananias same året. Dei flytta seinare til Barekstad. Ananias Jonsson Barekstad vart konfirmert i 1790. Men ved skiftet etter Jon Edvardsson i 1794 er ikkje Ananias arving. Sidan Jon og Sara var gifte, kan det ikkje komme av at han skulle ha vore uektefødd. Men det er tenkjeleg at han hadde fått arven tidlegare. Det er i alle høve ikkje registrert dåp av nokon annan Jon Ananiasson i det aktuelle tidsrommet. Noko som tyder på at Ananias faktisk var son av Jon Edvardsson og kona, er at Martinus Larsson Hovdetræet var fadder på Ananias sin son Jon i 1805; Martinus var den nye mannen til Sara, dvs. stefaren til Ananias. Tilknytinga til Hovdetræet syner seg òg i ved ekteskapa til sønene Martin og Lars i 1829 og 1838.

Gjertrud var fødd og oppvaksen på Skorpeeidet.

Gjertrud gifta seg først med Martin Krispinusson frå Skorpa i 1789. Dei vart husmannsfolk på Skorpa. Martin døydde i 1797.

Ananias og Gjertrud gifta seg i 1799. Ved folketeljinga i 1801 budde dei på Skorpa med hennar fem barn og den felles sonen Martin. Det står at Ananias var gardmann, men dette finn eg ikkje noko om i bøkene til futen.

Ananias døydde i 1843, Gjertrud i 1847.
g. 1789-01-17: Martin Krispinusson og Gjertrud Pålsdotter
Barn:
1789: Morten
1791: Pål
1792: Anders
1794: Abigael
1797: Johannes

g. 1799-09-15: Ananias Jonsson og Gjertrud Pålsdotter
Barn:
1799: Martin
1802: Lars Johannes
1805: Jon
1808: Aleksander
1812: Desiderius Bernt
1815: Frans
Morten gifta seg i 1818 med Dorte Larsdotter frå Skorpeidet. Dei budde først på Skorpa, men flytta til Vevlingen i Batalden ca. 1823. Barn: Lars Johannes (1818), Marte Bolette (1819), Marte Bolette (1822), Marte Juditte (1824), Dorte Juditte (1827), Jakob Elias (1829), Desiderius Elias (1830), Gjertrud Marie (1833), Ananias Matias (1838).

Pål gifta seg i 1818 med Oline Didriksdotter frå Reksta. Dei budde på Skorpa. Barn: Marte Dortea (1818), Pål Johannes (1820), Brite Petrine (1823), Dorte Karine (1826), Kassi Dortea (1828), Morten (1831), Anne Elisabet (1833), Morten (1836). Ved folketeljinga i 1865 budde han som enkjemann på Skorpa. Han var husmann utan jord og levde av fiske. Hos han budde dottera Kassi på 38 og sonen Morten på 30, begge døvstumme. Der losjerte òg Dorte Monsdotter, enkja etter halvbroren Martin.

Anders gifta seg i 1827 med Mari Eliasdotter frå Sunnarvågen. Det ser ikkje ut til at dei hadde barn. Ved folketeljinga i 1865 var Anders enkjemann og budde på Hillersøya i Batalden, same stad som systera Abigael.

Abigael gifta seg i 1822 med Jakob Sakariasson frå Indre Reksta. Begge var då busette i Furesundet. I 1823 budde dei på Færøykavlen og i 1825 på Reksta. Barn: Sara Juditte (1823), Juditte Martea (1825). I 1842 var Abigael enkje og gifta seg igjen med Gunnar Larsson frå Batalden. Dei fekk ikkje barn saman. Ved folketeljinga i 1865 budde Abigael og Gunnar på Hillersøya i Batalden. Der budde òg broren Anders, som var enkjemann. Dei hadde taus: Elen Aleksandersdotter, dottera til halvbroren. Gunnar var plassemann og hadde kyr og sauer og dyrka poteter. Abigael døydde i 1870.

Johannes gifta seg med Gjøde Jakobsdotter frå Sunde (Gardvollen) i 1823. Dei budde først på Skorpa, men flytta til Russøya i Batalden i 1826 eller 1827. Barn: Morten (1822), Mads Bernt (1826), Dorte Bolette (1827), Elen Juditte (1831), Mads (1834), Tomas Elias (1837), Karen Matea (1841). Ved folketeljinga i 1865 budde Johannes som enkjemann på Skorpa saman med to ugifte døtrer: Bolette og Karen. Alle tre budde og arbeidde hos Anders sin halvbror Frans.

Martin (Morten) gifta seg i 1829 med Dorte Monsdotter frå Hovden (Hovdetræet). Dei budde på Skorpa. Barn: Marie Anne (1830). Ved folketeljinga i 1865 er Dorte enkje på Skorpa, losjerande hos hans halvbror Pål.

Lars gifta seg i 1838 med enkja Anne Katrine Monsdotter frå Hovden (Hovdetræet). Var ho syster av kona til Martin? Dei budde på Skorpa. Barn: Jens Andreas (1838).

Jon gifta seg med Anne Massi Henrikke Olsdotter frå Batalden i 1829. Dei budde i Batalden. Barn: Anne Martea (1829), Pål Andreas (1831), Morten Johannes (1834), Maren Johanne (1836), Bendik Elias (1838), Bolette Karine (1841). Ved folketeljinga i 1865 budde Jon i Batalden. Han var enkjemann og hadde tre vaksne barn hos seg: Anne på 37, Pål på 34 og Maren på 30, og barnebarnet Amalie Andersdotter. Jon hadde òg fosterdottera Anne Trulsdotter. Jon var plassemann og hadde kyr. Han dyrka havre og poteter. Jon døydde i 1874.

Aleksander

Desiderius?

Frans gifta seg i 1843 med Nille Gabrielsdotter frå Norddalen. Barn: Mads Olai (1843). Ved folketeljinga i 1865 budde Frans og Nille på Skorpa. Der budde òg sonen Mads Olai på 23 og fosterdottera Birte Ivarsdotter. Broren Johannes og to døtrer av han budde òg der. Frans hadde gard med hest, kyr, sauer og gris, og dei dyrka havre og poteter. Frans døydde i Batalden i 1894.


Tipptipptippoldeforeldre XII i Batalden i Flora
86. Bertel Nilsson
f. 1778, Ullaland i Naustdal
far: 168. Nils Olsson
d. 1847-07-08, Batalden i Flora
mor: 169. Gjøde Olsdotter
87. Anne Nilsdotter
f. 1781, Berge i Voss
far: 170. Nils Nilsson
d. 1859-03-03, Batalden i Flora
mor:  171. Ingrid Kjellsdotter
Bertel var fødd og oppvaksen på Ullaland i Naustdal. Han var haugianar, dvs. høyrde til vekkingsrørsla til lekpredikanten Hans Nielsen Hauge. I Sunnfjord var han éin av kontaktane til Hauge, og han reiste rundt som emissær frå 1804. I 1807 kjøpte han halve garden Batalden.

Anne ser ut til å ha vore frå Berge i Voss. Det er ikkje funne direkte prov for dette, men evidensen er god: Anne Nilsdotter Berge har passande alder. Broren Nils flytta ifølgje bygdeboka for Vossevangen til Kinn med kona Anne Hermundsdotter, og dei fekk ein son, Herman, i Kinn prestegjeld i 1817; dei budde på Rise i Bremanger. Ingeborg (eller Ingebjørg), systera hennar, gifta seg i Kinn prestegjeld i 1815 med Gjert Olsson Tyvåg, og då var Bertel, mannen til Anne, forlovar.

Bertel og Anne gifta seg i 1810. Dei vart gardbrukarar i Batalden. Sonen Jan overtok som eigar i 1835, men Bertel stod som brukar til 1839.

Bertel døydde i 1847, Anne i 1859.
g. 1810-07-11: Bertel Nilsson og Anne Nilsdotter
Barn:
1811: Nille Juditte
1813: Inger Oline
1815: Jan Lyder
1818: Elen Marte
1820-07-03: Gregorius
1823-08-12: Nils
1826-10-16: Simon
Juditte

Inger gifta seg med Lars Korneliusson frå Skorpa i 1835. Dei budde på Skorpa. Barn: Anne Katrine (1836). Inger var død ved skiftet etter faren i 1847.

Jan gifta seg i 1838 med Rakel Massi Rasmusdotter, som opphavleg var frå Naustdal, men budde i Stavang. Jan og Rakel sine barn: Bertel (ca. 1839), Lars Elias (1841), Kristine Bolette (1843), Rasmus Johannes (1846), Anne Massi (1848), Elen Oleanne (1850), Mads Olai (1852), Mads Olai (1853), Lyder Johannes (1858). Ved folketeljinga i 1865 budde Jan og Rakel i Batalden med sju barn: Bertel, som arbeidde i innanlands sjøfart, Lars, Johannes, Anne Massi (skrive A. Marie), Oleanne, Olai, Lyder. Dei hadde òg fosterdottera Sofie Olsdotter, og der budde ein legdslem og eit losjerande par. Jan var sjølveigande bonde og hadde hest, kyr, sauer og gris. Dei dyrka havre og poteter.

Elen?

Gregorius gifta seg i 1843 med Elisabet Bendiksdotter frå Kinn. Barn: Bendik Andreas (1844), Aleksander (1847), Bertel Elias (1849).Ved folketeljinga i 1865 budde Gregorius og Elisabet på Russøya i Batalden. Dei hadde sønene Bendik og Bertel og fosterdottera Rakel Ananiasdotter. Dei hadde to tauser og ein dreng. Gregorius var plassemann og hadde kyr og sauer og dyrka havre og poteter. Gregorius døydde i Batalden i 1894.

Nils vart gift i 1850 med Elen Sofie Gjertsdotter frå Tyvågen. Dei budde i Batalden. Barn: Bertel (1852), Bertel Elias (1855). Ved folketeljinga i 1865 budde Nils og Elen på Store Langøya med sonen Bertel. Far hennar, enkjemannen Gjert Olsson, budde òg der. Dei hadde dreng og to tauser (den eine med ei dotter), og der budde ein gut på legd. I tillegg budde systerdottera Anne Aleksandersdotter der med mannen Mads Andersson og dottera Oleanne. Elen døydde i 1874.

Simon gifta seg i 1849 med Kristiane Danielsdotter frå Langedalen. Dei budde i Langedalen. Barn: Daniel Absalon Elias (1849), Anne Massi Andrea (1852), Birte Johanne (1854), Bertel Andreas (1858), Lars Andreas (1861), Inger Juditte (1863), Anders Kristoffer Johannes (1867) Ved folketeljinga i 1865 budde Simon og Kristiane i Langedalen med dei seks eldste barna. Simon døydde i Langedalen i 1897.