| Tippoldeforeldre V på Kinn
i Flora |
||
| 24. Henrik Matias Olsson | f. 1833-01-29, Indrehus i
Bremanger |
far: 48. Ole Monsson |
| d. 1882-03-22, Kinn i Flora |
mor: 49. Mari Abrahamsdotter | |
| 25. Anne Bolette Tomasdotter | f. 1839-08-08, Kinn i Flora |
far: 50. Tomas Bjørnsson |
| d. 1924-09-24, Steinsland i Sund |
mor: 51. Pernille Matiasdotter | |
| Henrik vart
døypt 24.
februar 1833 i Rugsund kyrkje. Fadrane var Isak Johansson, Desiderius
Nilsson, Jakob Pedersson, Helene Larsdotter og Oline Matiasdotter, alle
Indrehus. Henrik voks opp hos foreldra på Indrehus. Han hadde
fleire eldre og yngre systrer (sjå foreldra). Bolette vart heimedøypt av Aleksander A. Kinnesund 11. august 1839, i kyrkja 18. august. Fadrane var Ole Nilsson Reksta, Gregorius Jensson Kinn, Katrine Henriksdotter s.st., Anne Stefansdotter Reksta og Henrikke Bjørnsdotter s.st. (faster). Bolette voks opp hos foreldra på Kinn som det eldste barnet; seinare fekk ho ein bror. Faren kom vekk på sjøen i 1845, og mora gifta seg om att i 1851 med Johannes Amundsson. Henrik og Bolette gifta seg i 1859. Forlovarar var Jetmund Olsson Veiesund og Ludvig Olsson Kinn. Dei var husmannsfolk på Kinn, kanskje på Neset. I byrjinga hadde dei ikkje jord, men levde av fisket. Ved folketeljinga i 1865 hadde dei sønene Tomas, Kristoffer og Jonas. Saman med dei budde mor hans og Bolette sin bror Bernt Tomasson, som var fiskar. Ved folketeljinga i 1875 hadde dei jord, men berre ei ku, og dei sådde ikkje. No hadde dei tre barn til: Anne, Henrikke og Albert. Sonen Jonas og Bolette sin farbror Anders Bjørnsson Kinn drukna 22. mars 1882 etter at båten kollsiglde, visstnok ved Hestøya i Skorpefjorden. Dei to er gravlagde. Henrik skal ha drukna samtidig (ifølgje dotterdottera Borghild Færø), men er ikkje å finne i kyrkjeboka. Truleg tyder det at han ikkje vart funnen. Ved folketeljingane i 1900 og 1910 budde Bolette hos sonen Kristoffer og familien hans på Kinn. Sidan flytta ho til dottera Anne på Steinsland i Sund. Der døydde ho 24. september 1924. |
g. 1859-09-05:
Henrik Olsson og Bolette Tomasdotter Barn: 1859-10-16: Olai Tobias 1861-01-09: Tomas Olai 1862-10-05: Kristoffer Andreas 1864-09-29: Jonas Matias 1866-04-15: Rakel Pernille 1867-10-06: Anne Pernille 1870-08-22: Serine Henrikke Birgitte 1874-09-07: Albert 1877-10-06: Ole Henrik 1879-10-09: Sille Marie |
Olai døydde 8. desember 1859. Tomas emigrerte til USA, Tacoma i staten Washington. Han var gift med Mary, som òg var norsk. Dei hadde ikkje barn. Ved den amerikanske folketeljinga i 1900 budde dei i Tacoma Ward 2 i Pierce county i Washington. Der budde òg Harry, bror Hans. Tomas var då trearbeidar. Kristoffer Jonas drukna 22. mars 1882. Rakel døydde 5. juni 1866. Anne gifta seg i Solund i 1894 med Henrik Olai Johannesson (Færø) frå Færøy i Solund. Ved folketeljinga i 1900 budde dei på Steinsland i Sund med fire søner. Henrik var folkeskulelærar. I 1900 budde dei på Råken under Steinsland; Henrik var folkeskulelærar. Hos seg hadde dei barna Harald (1895, lærling ved motorfabrikk), Karl (1896), Magnus (1899), Torvald (1901), Johannes (1902), Einar (1904), Konrad (1907), Borghild (1908) og Astrid (1910). Hos dei budde òg jordmora Anna Olsen frå Bremanger. Henrikke gifta seg i Domkirken i Bergen i 1894 med Lars Henriksson, fødd på Austreim i Høyanger, oppvaksen på Lærdalsøyri i Lærdal. Han var skriven fyrbøtar til sjøs ved ekteskapet. Ved folketeljinga budde dei i Nøstegaten 37 i Bergen. Dei hadde då to søner og ei dotter. Lars var skriven maskinist og var mellombels i Ålesund. Der budde dei i 1902 og 1903, då to av barna vart fødde. I 1910 budde dei på Øvertun i Borgund utanfor Ålesund; Lars var maskinist på eit fiskedampskip. Hos dei budde desse barna: Borghild (f. Bergen 1894), Henrik (Bergen 1895), Olav (Bergen 1896), Leiv (Bergen 1901), Hedvig (Ålesund 1902), Hjalmar (Ålesund 1903), Jon (Borgund 1904), Sverre (Borgund 1907) og Bjarne (Borgund 1909). Henrikke døydde 12. oktober 1947. Albert emigrerte til USA, til Tacoma. Der gifta han seg med Hanna, som òg var norsk og fødd ca. 1889. Ved den amerikanske folketeljinga i 1910 budde dei i Tacoma Ward 4 i Pierce county i Washington. Dei hadde då sonen Bernard på tre månader. Albert var snikkar. Dei fekk seinare dottera Eleanore, som døydde i spanskesjuka under første verdskrigen, 3 eller 4 år gammal. Albert døydde òg ein gong rundt første verdskrigen. Ole Henrik (Harry) emigrerte i 1898 til USA, til Tacoma. Ved den amerikanske folketeljinga i 1900 budde han hos broren Tomas i Tacoma Ward 2 i Pierce county i Washington. Harry var då "dagarbeidar". Han skal ha gifta seg i 1908 med Hjørdis (Hjordis) frå Oslo. (Ho skal ha vore fødd 23. april 1888.) Ved folketeljinga i 1920 budde dei i Tacoma Ward 4. Han var då bilreparatør. Hos dei budde Astrid Lorentzen, ugift svigerinne frå Noreg (f. ca. 1899). Dei hadde ikkje barn. Harry var arbeidar på jernbane og skipsverft. Han døydde i Tacoma i 1951. Hjordis døydde i Tacoma i 1970. Marie emigrerte til USA før 1900, til Tacoma. Der gifta ho seg med Jens Tilmann Gunnarsson (Tillman Bjornsen) frå Reinsfjell i Tvedestrand. Dei hadde seks barn. Ved den amerikanske folketeljinga i 1910 budde dei i Tacoma Ward 2 i Pierce county i Washington. Tillman arbeidde på båt. Dei hadde då barna Bessie, Norman, Irene og Tillman. Ved folketeljinga i 1920 budde Marie i Tacoma Ward 4 med barna Julia, Tillman, Harold, svigersonen Dennis og dottera Bessie og deira dotter Elinor på to månader). Tillman var død. Marie døydde i 1966. Barna til Tillman og Marie: Bessie Alvira (f. 1901, g m Dennis Alonzo O'Dell, d 1975 i Hayward i California), Norman (f. 1902, d. 1964 i Portland i Oregon), Irene (f. 1903, d. 1989), Julia E. (f. 1906, g.m. James D. Daley, d. 1980 i Tacoma), Tillman Melvin Henry (f. 1908, g m Lois May Lloyd, d. 1947 i Tacoma), Harold (f. 1910, g m Edith, d. 1985 i Tacoma). Her er slektssidene til sonedottera. . |
| Tipptippoldeforeldre IX på
Indrehus i Bremanger |
||
| 48. Ole Monsson | f. 1793, Dyrstad i Bremanger |
far: 96. Mons Eriksson |
| d. 1846-05-28, Indrehus i Bremanger |
mor: 97: Else Olsdotter | |
| 49. Mari Abrahamsdotter | f. 1799, Søre Botnen i Bremanger |
far: 98. Abraham Ananiasson |
| d. 1870-03-03, Kinn i Flora |
mor: 99. Johanne Jørgensdotter |
|
| Ole var fødd på Dyrstad, men familien flytta til Allmenningen ein gong mellom 1796 og 1801. Mari var fødd i Søre Botnen. Ho voks opp hos foreldra der og hadde fleire eldre sysken og ein yngre bror. Ole og Mari gifta seg i 1820. Dei var husmannsfolk og flytta eit par gonger: I 1821 budde dei på Nesbøen, i 1823 og 1826 i Allmenningen og i 1829 og seinare på Indrehus. Staden heiter Mariplassen, truleg etter Mari. Ole døydde i 1846. Ved folketeljinga i 1865 budde Mari hos sonen Henrik på Kinn. Ho døydde der i 1870. |
g. 1820-12-31: Ole
Monsson og Mari Abrahamsdotter Barn: 1821-04-29: (Karen) Oline 1823-04-01: Anne 1826-07-09: Kristiane 1829-09-12: Birte 1833-01-29: Henrik Matias 1835-06-20: Elen 1837: Kari Inga Helene (if. bygdeboka) 1840-02-28: Johanne |
Oline vart gift med Lars Matias Fransson frå Batalden i 1854.
Då er ho kalla Karen Oline. Barn: Frans Matias
(1854 før ekteskapet), Ole Andreas (1856), Ole Henrik Andreas
(1857), Maren Bolette (1859), Bendik Martinus (1860), Lyder Andreas
(1862), Henrik Olai (1865). Ved folketeljinga i 1865 budde dei på
Arsholmen med alle barna unnateke den første Ole. Dei var
plassfolk, hadde to storfe og to sauer og sette poteter. Elles levde
dei av fisket. Anne vart gift med Anders Olsson frå Rise, busett på Sande, i 1845. Dei vart plassefolk i Birkelia i Bremanger. Ved folketeljinga i 1865 hadde dei kyr, sauer og geiter. Barn: Andreas (1844), Ragnhild Marte (1845), Oline (1848), Katrine Helene (1850), Peder (1854), Martin (1857), Ole Matias (1859). Meir om fleire av dei i bygdeboka, bd. II, s. 417. Anne døydde i 1861. Kristiane vart gift med enkjemannen Lars Johannes Bendiksson frå Batalden i 1865. Ved folketeljinga det året budde dei på Litle Langøya i Batalden med hans fire barn og mora hans, Helene Gunnarsdotter, som var enkje. (Då er ho kalla Kristi.) Dei var plassfolk og hadde fire storfe og 9 sauer. Seinare fekk dei barn: Karl Olai (1866), Lyder Andreas (1868). Dei dyrka havre og poteter. Det ser ut til at dei budde på kår på Langøya i 1900; ho vart då kalla Kristine. Birte vart konfirmert i 1849, 20 år gammal. Det er mogleg det er ho som er ugift tenestejente i Kinnesundet på Kinn i 1865; alderen er ført som 34. Ho døydde i 1896 som tenestejente på Nesbøen. Henrik Elen ser ikkje ut til å levd til konfirmasjonsalderen. Kari? Johanne vart konfirmert i 1856. Eg finn henne ikkje i folketeljinga for 1865. |
| Tipptippoldeforeldre X på
Kinn i Flora |
||
| 50. Tomas Bjørnson | f. 1809, Indre Reksta i Flora |
far: 32. Bjørn Tomasson |
| d. 1845-02-21, Kinn i Flora |
mor: 101. Andrea Olsdotter | |
| 51. Rakel Pernille Matiasdotter | f. 1802, Espeset i Flora |
far: 102. Matias Olsson |
| d. 1864-11-27, Kinn i Flora |
mor: 103. Barbra Sørensdotter |
|
| Tomas
var fødd og voks opp på Indre Reksta med foreldra. Mora
døydde det året han fylte åtte. Faren gifta seg
igjen, så Tomas hadde både full- og halvsysken. Pernille var fødd på Espeset og voks opp hos foreldra. Ho var det einaste felles barnet til foreldra, og det ser ut til at halvsyskena frå mora sitt første ekteskap dels var døde, dels var sette vekk eller var i teneste. Tomas og Pernille gifta seg i 1837. Dei busette seg på Kinn, truleg Kinnesundet. Tomas drukna ved kollsigling i 1845 og vart aldri funnen. Pernille gifta seg igjen i 1851 med Johannes Åmundsson. Han var enkjemann og opphavleg frå Bergen. Han var fødd i 1790 og son av skolappar Åmund Johannesson og Gjertrud Kristiansdotter. Han gifta seg i 1817 med Agotte (Agate) Pernille Olsdotter frå Bergen. Dei budde i Bergen og hadde mange barn. Johannes var bøkkararbeidar. Agotte døydde i 1837. Ved ekteskapet med Pernille budde Johannes på Kinn. Han døydde 18. mars 1856. Pernille døydde på Kinn i 1864. |
g. 1837-12-18:
Tomas Bjørnsson og Pernille Matiasdotter Barn: 1839-08-08: Anne Bolette 1842: Jørgen Matias* 1843-06-17: Birgitte Marie 1844-08-09: Bernt Kornelius *Berre registrert under gravlagde, foreldra ikkje nemnde. g. 1851-08-10: Johannes Åmundsson og Pernille Matiasdotter Ingen barn. |
Bolette Jørgen døydde i 1842. Birgitte døydde i 1843. Bernt vart gift i 1870 med Anne Sofie Gunnarsdotter frå Seljeset i Flora. Ved folketeljinga i 1875 budde dei på Kinn med to barn: Gina Susanne (1872) og Jørgen Olai (1875). Dei hadde fem sauer, men levde elles av fiske. I 1878 fekk dei dottera Tomasine Bertine Jørgine. Bernt drukna i 1888 saman med sonen Jørgen. I 1900 var Anne Sofie enkje og budde på Tonheim i Flora; ho levde m.a. av veving. Ho døydde i Furesundet i Flora i 1902. |
| Tipptipptippoldeforeldre XVII i Allmenningen i Bremanger |
||
| 96. Mons Eriksson |
f. ca. 1759 (bygdeboka: 1757), Liset i Bremanger |
far: 192. Erik Monsson |
| d. 1832-11-01, Nesbøen i Bremanger |
mor: 193. Dorte Hansdotter | |
| 97. Else Marie Olsdotter |
f. 1758, Allmenningen i Bremanger |
far: 194. Ole Fredriksson |
| d. 1838-12-10, Allmenningen i Bremanger |
mor: 195. Kristi Andersdotter |
|
| Mons var fødd på Liset på Bremangerlandet, Else i Allmenningen på fastlandet i Bremanger. Kyrkjebøkene for Kinn prestegjeld frå 1770- og 80-talet er svært mangelfulle. Ekteskapet til Mons og Else er ikkje å finne, men det må nok ha vore i den første halvdelen av 1780-åra. Det er heller ikkje mogleg å få fullt oversyn over barna deira, av same grunn. Dei var husmannsfolk og flytta ein del. I 1787 budde dei på Eikeland, i 1788 i Allmenningen og i 1793 og -96 på Dyrstad. I Hestevika på Dyrstad er det ein stad som heiter Elseflata etter Else. Ved folketeljinga i 1801 budde dei i Allmenningen igjen. Hos seg hadde dei berre éin son: Hans. Mons døydde som legdslem på Nesbøen i 1832. (Då står det at han var fødd i 1742, men det var nok berre gjetting.) Else døydde i Allmenningen i 1838. |
g? Mons Eriksson og Else Olsdotter Barn: ca. 1782/5: Kristian?? 1787: Lisbet 1788: Erik 1793: Ole 1796: Hans |
Ein
Kristian Monsson, 41 år, frå Mulehamna og son av
husmann Mons Eriksson, gifta seg i 1823 med Gitlaug Monsdotter
frå Krakevik i Bremanger. Dei budde i Mulehamna som tenestefolk.
Han døydde i 1851. Lisbet? Erik gifta seg med Anne Andersdotter frå Senneset i Bremanger. Dei var plassfolk i Mulelia. Barn: Anne (1820), Ole (1822). Kona Anne døydde i 1824. Han gifta seg igjen i 1827 med Oline Andersdotter frå Mulelia. Både Erik og Oline døydde i 1853. Ole Hans gifta seg i 1821 med Ingeborg Olsdotter frå Rise i Bremanger. Dei vart husmannsfolk på Dyrstadsaga under Dyrstad. Barn: Oline (1821), Ole (1823), Martin (1826), Elias Andreas (1831), Malene (1833), Rakel Marianne (1843). Meir om fleire av barna i bygdeboka, bd. II, s. 274. Hans døydde i 1854. |
| Tipptipptippoldeforeldre XVIII i Sørebotnen i Bremanger | ||
| 98. Abraham Ananiasson |
f. 1767, Husefest i Flora |
far: 196. Ananias Andersson |
| d. ?? |
mor: 197. Anne Abrahamsdotter | |
| 99. Johanne Jørgensdotter |
f. 1761, Sørebotnen i Bremanger |
far: 198. Jørgen Nilsson |
| d. 1826, Ytre Grotle i Bremanger |
mor: 199. Mari Eriksdotter |
|
| Abraham var frå Husefest, Johanne frå Sørebotnen. Abraham og Johanne gifta seg i 1787. Frå det året og til 1802 bygsla Abraham jord i Sørebotnen. Ved folketeljinga i 1801 budde dei der med barna Bendik, Jørgen, Anne og Mari. Eg har ikkje funne ut når Abraham døydde. |
g. 1787-08-12: Abraham Ananiasson og Johanne Jørgensdotter Barn: 1788: Bendik 1790: Jørgen 1794: Anne Margrete 1796: Ananias 1799: Mari 1803: Nils |
Bendik? Jørgen ser ut til å ha vore ugift. Han drukna ved kollsigling i 1842. Anne gifta seg i 1834 med enkjemannen Øystein Eliasson. Han var opphavleg frå Ausevika, men budde på Flora. Det ser ikkje ut til at dei hadde barn. Ananias døydde i 1799. Mari Nils gifta seg med Pernille Eliasdotter frå Sunnarvågen i 1823. Han var då busett på Seljestokken. Dei budde først på Seljestokken, men flytta til Flora ein gong mellom 1833 og 1839. Barn: Andreas (1825), Bendik Johannes (1828), Sara Oline (1830), Salomon (1833), Anne Dortea (1839), Ludvig Olai (1843), Johannes (1846). |
| Tipptipptippoldeforeldre XX på Espeset i Flora | ||
| 102. Matias Olsson |
f. 1760, Sunde (Gardvollen) i Flora |
far: 204. Ole Olsson |
| d. 1827-09-24, Espeset i Flora |
mor: 205. Anne Larsdotter | |
| 103. Barbra Sørensdotter |
f. 1764, Kinn i Flora |
far: 206. Søren Rasmusson |
| d. etter Matias |
mor: 207. Malene Olsdotter |
|
| Matias var frå Gardvollen under Sunde, Barbra frå Kinn. Barbra gifta seg først med Peder Arnesson frå Unneset i Askvoll i 1786. Dei budde først på Unneset, der dei fekk dei tre første barna. Sidan flytta dei til Espeset, der dei var tenestefolk. Peder døydde ein gong mellom 1798 og 1801. Det er truleg han som døydde i 1799, kalla Peder Pedersson. Ved folketeljinga i 1801 budde Barbra som enkje hos tvillingsøstera Brite på Gardvollen. Ho hadde ikkje nokon av barna med seg. Matias var tenar i ein annan husstand same staden. Matias og Barbra gifta seg i 1802. Dei vart husmannsfolk på Espeset. Matias døydde i 1827. Barbra levde lenger, men eg veit ikkje når ho døydde. |
g. 1786-12-30: Peder Arnesson og Barbra Sørensdotter Barn: 1784: Johannes 1787: Birte Malene 1788: Anne Marie 1791: Anne 1792: Marie 1794: Oline 1798: Gjøde g. 1802-01-13: Matias Olsson og Barbra Sørensdotter Barn: 1802: Rakel Pernille |
Johannes? Det er mogleg det er Birte som var i teneste, 14 år gammal, hos Jonas Gjertsson og Anne Bertelsdotter i Smelværet i Askvoll ved folketeljinga i 1801. Anne Marie? Anne? Marie? Oline ser ut til å ha vore pleiebarn, sju år gammal, hos Abraham Olsson og Andrea Jakobsdotter på Vallestad ved folketeljinga i 1801. Ho er kalla Olave. Gjøde? Pernille |