Torodd Kinn sine anar
med utgangspunkt i oldemor Marie Olsdotter Eikevik
Oppdatert 16. januar 2011

På desse sidene sporar eg anane mine bakover, generasjon for generasjon og par for par.
Sidene er under utvikling! Eg har mykje meir stoff liggjande enn det som eg har presentert her, og det er meininga at sidene skal vekse og få nye avleggjarar smått om senn.

Til heimesida
Spørsmål, kommentarar, rettingar? Skriv til <kinning ÆTT online.no>.


Tippoldeforeldre IV i Eikevika i Flora
22. Ole Andreas Andersson f. 1834-02-13, Eikevika i Flora
far: 44. Anders Olsson
d. 1880-09-24, Eikevika i Flora
mor: 45. Birte Andersdotter
23. Hille Margrete Abrahamsdotter f. 1832-07-15, Selvika i Askvoll
far: 46. Abraham Henriksson
d. 1868-10-30, Eikevika i Flora
mor: 47. Massi Bertelsdotter
Ole vart døypt 16. mars 1834. Fadrane var Ole A. Storøy, Anders N. Stavang, Anders A. s.st., Lovise A s.st., Nille A. s.st. Ole voks opp hos foreldra i Eikevika. Han var det eldste barnet og fekk fleire yngre sysken (sjå foreldra). Han overtok som eigar av garden då faren døydde i 1854.

Hille vart døypt 22. juli 1832. Fadrane var Ole Jensson, Ole Sakariasson Gjelsvik, Olene Andersdotter Løvik. Ho var det eldste barnet og vart fødd medan foreldra var tenestefolk i Selvika. Sidan vart dei husmannsfolk i Gjelsvika i Askvoll, og der fekk Hille to yngre brør (sjå foreldra).

Ole og Hille gifta seg i Førde prestegjeld i 1856. Forlovarar var Andreas D. Selvik og Andreas P. Løvik. Ole var gardeigar, men selde det meste av Eikevika i 1859 og vart sitjande med Stølen. Ved folketeljinga i 1865 budde dei på Stølen med barna Anders, Maren og Marie. Dei hadde ei ku og fire sauer, og dei hadde sådd 1/2 tønne havre og sett ei tønne poteter. Hille døydde 30. oktober 1868.

I 1871 selde Ole Stølen. Ved folketeljinga i 1875 var familien spreidd. Ole budde i Båsundet på Skorpa. Han var husmann og levde delvis på fattigkassen. Der budde òg ei Anne Andersdotter som heldt huset for han. Dei hadde ikkje dyr og sådde ikkje. Maren var gjetar på hovudgarden på Svanøya. Marie var tenestejente hos Anne Larsdotter på Skorpa. Og Andreas var på legd for fattigkassen si rekning hos Ivar Einarsson i Hellevika. (Sonen Anders hadde reist til Stavanger, jf. midtkolonnen.) Ole døydde i Eikevika 24. september 1880.
g. 1856-07-20: Ole Andersson og Hille Abrahamsdotter
Barn:
1857-09-09: Anders Matias
1859-02-15: Mads Henrik
1860-03-24: Maren Pernille
1863-02-05: Marie
1867-06-23: Andreas Matias


Anders flytta til Stavanger i 1874. Der mønstra han på eit skip Han rømde i Sundsvall i Sverige i 1877. Kva som så skjedde, veit eg ikkje før han dukkar opp i Telemark i 1886. Då gifta han seg med Sara Isaksdotter frå Sandøya i Porsgrunn. Ho var fødd i 1839 som dotter av husmannsfolk Isak Larsson og Sara Dortea Nilsdotter og budde no på Langangen i Porsgrunn. Anders var husmann på Lander i Porsgrunn. Anders og Sara busette seg i Bjørkedalen, seinare på Bjørntvet i Porsgrunn. Dei fekk neppe barn saman; ho var 47 då dei gifta seg. Frå 1890 til 1894 reiste Anders til sjøs igjen, frå Skien, Porsgrunn, Arendal, Horten og Brevik til ulike hamner i Storbritannia, Frankrike og Nederland. Sara døydde av tæring i 1895. Då er Anders kalla arbeidsmann. Anders gifta seg igjen i Østre Porsgrunn i 1898 med Ingeborg Johannesdotter frå Haugen i Sauherad, dotter av husmannsfolka Johannes Hansson og Margit Hansdotter. I 1898 fekk dei sonen Henry Johannes, ifølgje folketeljingane for 1900/1910 fødd på Lysaker i Akershus, men han vart døypt i Østre Porsgrunn. Ved folketeljinga i 1900 bur familien på Bjørntvet. Anders er "Skoghugger". I 1910 budde dei i Øvre Kirkehaugen 104a i Porsgrunn, der dei leigde eit forhus. Anders var vedhoggar, og Ingeborg var vaskekone. Dei hadde då tre barn: Henry, Anna Marie (1901) og Reidar Mathias (1904). Sonen Henry vart konfirmert i Østre Porsgrunn i 1913. 

Mads døydde 11. mars 1859.

Maren var gjetar på Svanøya i Flora ved folketeljinga i 1875. Ho vart konfirmert i 1876 og budde då på Svanøya. Ho vart gift i 1882 med Jakob Karlsson frå Kolås i Radøy. Dei budde nokre år på Kjeset i Radøy før dei ca. 1890 flytta til Marås i Radøy, der dei vart buande. Barn: Karine Andrine (1882), Herman Olai (1885), Lovise Kristine (1888), Ragnvald Elias (1891), Salomon Andreas (1897). Ved folketeljinga i 1900 budde dei på Marås med sønene Ragnvald og Salamon. Dei var plassfolk med jord, og han var i tillegg steinarbeidar. Maren døydde i 1910 på Marås. Ved folketeljinga i 1910 var Jakob enkjemann på plassen Stemmehaugen på Marås; han var gråsteinsmurar og plassemann. Hos seg hadde han dottera Lovise og sønene Ragnvald og Salomon. Der budde òg ei pleiedotter, Borghild Systad (f. Årstad i 1904). Jakob døyddde i 1931 på Marås.

Andreas gifta seg med Larsine Gurine Olsdotter frå Søre Fjelle i Fjell. Ved folketeljinga i 1900 budde dei med ein son (Alfred) og ei dotter (Hilda) på Tollbodallmenningen i Bergen. Han var køyredreng på Laksevågs verk. Dei to emigrerte med dottera til USA 2. april 1901. Han var då gartneriarbeidar. Dei reiste samtidig med Nils Madsson (sjå Tippoldeforeldre III). Ved den amerikanske folketeljinga i 1910 budde familien i Hancock i Stevens county i Minnesota (eit stykke nordvest for Minneapolis). Larsine var då kalla Lucina. Andreas var arbeidar og tok førefallande arbeid.


Tipptippoldeforeldre VII i Eikevika i Flora
44. Anders Olsson f. 1792, Steindalen i Flora
far: 88. Ole Olsson
d. 1854-12-11, Eikevika i Flora
mor: 89. Pernille Andersdotter
45. Birte Olave Andersdotter f. 1808, Stavika i Flora
far: 90. Anders Nilsson
d. 1894-03-10, Eikevika i Flora
mor: 91. Henrikke Nilsdotter
Anders var fødd og voks opp i Steindalen med ein bror og ei syster (sjå foreldra). I 1830 kjøpte han garden Eikevika.

Birte var fødd og voks opp i Stavika. Ho miste faren då ho var om lag tolv år.

Anders og Birte gifta seg i 1833. Dei budde i Eikevika. Då Anders døydde i 1854, overtok sonen Ole garden. Ved folketeljinga i 1865 budde enkja Birte på kår i Eikevika. Saman med henne budde dottera Birte. Ved folketeljinga i 1875 budde ho framleis på kår. Hos seg hadde ho dottersonen Peder Eriksson (sonen til Birte d.y.). Ho hadde ei ku og to sauer. Birte døydde i 1894.
g. 1833-12-26: Anders Olsson og Birte Andersdotter
Barn:
1834-02-13: Ole Andreas
1835-06-11: Mads Henrik
1841-05-28: Birte Henrikke
1844-05-13: Peder Matias
1845-08-04: Pernille Marie
1851-10-30: Mads Henrik


Den første Mads døydde i 1845.

I 1865 fekk Birte sonen Peder utanfor ekteskap med Erik Hansson Prestegård frå Sogn. Ho vart gift i 1877 med sjømann Lars Hansson Aaland frå Tansøya. Han budde då i Florø.

Peder døydde i 1844.

Pernille vart konfirmert i 1861. Eg finn henne ikkje i folketeljinga for 1865. I 1900 er det ei ugift tenestejente Pernille Andersdotter i Veiesundet med fødselsår 1847. Det kan vere henne.

Den andre Mads vart gift med Anne Katrine Ananiasdotter frå Rabben på Svanøya i 1877. Han budde då sjølv på Rabben. Ved folketeljinga i 1900 budde dei på Kvalstad med fire barn: Anne Sofie (1878), Karl (1886), Bernt (1888), Marie (1891). Dei levde av fiske.


Tipptippoldeforeldre VIII i Gjelsvika i Askvoll
46. Abraham Henriksson f. 1806, Selvika i Askvoll
far: 92. Henrik Jansson
d. 1890-01-09, Gjelsvika i Askvoll
mor: 93. Synnøve Korneliusdotter
47. Massi Pernille Bertelsdotter f. 1793, Løvika i Askvoll
far: 94. Bertel Pedersson
d. 1856-03-07, Gjelsvika i Askvoll
mor: 95. Helene Olsdotter
Abraham var fødd og voks opp i Selvika.

Massi var fødd og voks opp i Løvika.

Abraham og Massi gifta seg i 1831. Ei tid var dei tenestefolk i Selvika. Dottera vart fødd der. Sidan vart dei husmannsfolk i Gjelsvika, på plassen Kvia, og der vart sønene fødde. Massi døydde i 1856.

Abraham gifta seg igjen med Rakel Olsdotter. Ho kom opphavleg frå Skorven i Askvoll og var dotter av Ole Olsson og Elisabet Madsdotter. Ho hadde vore gift med Anders Nilsson frå Leknes i Askvoll. Dei budde i Gjelsvika. Barn: Ida Kristiane (1837), Engel Olai (1840), Nils Stefanus (1844), Lydia Elisabet (1848). Anders døydde i 1849.

Abraham og Rakel var òg husmannsfolk i Gjelsvika. Ved folketeljinga i 1865 budde dei i Kvia i Gjelsvika med sonen Mads. Dei hadde ku, åtte sauer og to geiter. Dei hadde sådd ei halv tønne havre og sett ei tønne poteter.Ved folketeljinga i 1875 budde dei i Gjelsvika hos hans son Peder, men med eige hushald. Dei hadde to kyr og fem sauer.

Både Abraham og Rakel døydde i 1890.
g. 1831-08-17: Abraham Henriksson og Massi Bertelsdotter
Barn:
1832-07-22: Hille Margrete
1835-06-04: Henrik Salomon
1838-03-10: Peder Salomon

g. 1857-06-02. Abraham Henriksson og Rakel Olsdotter
Barn:
1857-08-02: Mads Andreas
Hille

Henrik døydde i 1835.

Peder gifta seg med Kristiane Rasmusdotter frå Løvika i 1859. Dei budde i Gjelsvika. Barn: Maren Oline (1859), Andreas Matias (1867). Peder levde til 1924.

Mads levde i 1878.


Tipptipptippoldeforeldre XIII i Steindalen i Flora
88. Ole Olsson
f. ca. 1747, Steindalen i Flora
far: 176. Ole Pedersson
d. 1811, Steindalen i Flora
mor: 177. Ingeborg Andersdotter
89. Pernille Andersdotter
f. 1757, Svardalen i Flora
far: 178. Anders Pedersson
d. 1821, Steindalen i Flora
mor: 179. Marte Olsdotter
Ole var fødd og voks opp i Steindalen. Han overtok som brukar av ei jord i Steindalen etter faren i 1784.

Pernille var fødd og voks opp i Svardalen.

Eg har ikkje funne ut når Ole og Pernille gifta seg. Dei var nært i slekt: Fedrane var brør, og mor hans og morfaren hennar var sysken.

Dei var gardbrukarar i Steindalen. Ved folketeljinga i 1801 budde dei der med barna Mads, (den yngre) Marte og Anders. Der budde òg mor hans, Ingeborg Pedersdotter, som var enkje. Dei hadde ei tenestetaus.

Sonen Mads overtok som brukar av jorda i 1809.

Ole døydde i 1811. Ved skiftet levde enkja Pernille og dei tre barna frå 1801.

Pernille døydde i 1821.
g. ? Ole Olsson og Pernille Andersdotter
Barn:
1787: Marte Oline
1788: Mads Henrik
1790: Marte Oline
1792: Anders
1795: Anne Malene
Den første Marte voks ikkje opp, levde ikkje i 1801.

Mads overtok som brukar av garden i Steindalen etter faren i 1809. Han gifta seg med Birte (el. Brite) Marie Olsdotter frå Sæla i Naustdal året etter. Døydde 1828.  Barn: Ole Henrik Bertel (f. 1811), Mads (f. 1814, g. 1844 m. Anne Johanne Danela Bakken (Naustdal), bst. Osen), Birte Sofie (f. 1816, g. 1841 m. Andreas Andersson Vasset, bst. Basset, d. 1844), Mons Ananias (f. 1818, d. 1857 på St. Jørgens Hospital i Bergen), Anne Pernille (f. 1822, g. 1848 m. Andreas Korneliuss Medvatne (Naustdal), bst. Steindalen, bruket etter faren, som stefaren Andreas Andersson hadde hatt i mellomtida).

Den andre Marte gifta seg med Peder Andersson frå Svortevika i Flora i 1814. Dei budde i Svortevika. Barn: Anders (1815), Trone Oline (1817).

Anders

Anne voks ikkje opp, levde ikkje i 1801.


Tipptipptippoldeforeldre XIV i Stavika og Selvika i Flora
90. Anders Nilsson
f. 1759, Øvre Standalen i Flora
far: 180. Nils Olsson
d. ca. 1820, Selvika i Flora
mor: 181. Gunnhild?? Olsdotter??
91. Henrikke Nilsdotter
f. 1771, Stavika i Flora
far: 182. Nils Andersson
d. 1849-03-01, Selvika i Flora
mor: 183. Anne Nilsdotter
Anders var frå Øvre Standalen, Henrikke frå Stavika.

Dei gifta seg i 1800. Dei var husmannsfolk. Ved folketeljinga i 1801 budde dei i Stavika med sonen Anders. Der budde dei òg då dei neste barna vart fødde, men då den yngste dottera vart fødd i 1813, hadde dei flytta til Selvika ved Stavang.

Eg har ikkje funne dødsfallet til Anders registrert, men det var skifte etter han i juli 1820. Då levde alle dei fire barna. (Sonen Anders er kalla Andreas.)

Henrikke gifta seg igjen med Vilhelm (Villum) Gjertsson frå Rabben eller Kvalstad på Svanøya i 1820. Han var ungkar og son av Gjert Ananiasson og Olave (Oline?) Sjursdotter. 

Henrikke døydde i 1849, Vilhelm så seint som i 1875, begge i Selvika.
g. 1800-11.09: Anders Nilsson og Henrikke Nilsdotter
Barn:
1801: Anders
1803: Anne
1808: Birte Olave
1813: Nille Agnete

g. 1820-08-01: Vilhelm Gjertsson og Henrikke Nilsdotter
Truleg ingen barn.
Anders levde ved skiftet etter faren i 1820 (kalla Andreas). Det er truleg han som vart gift med Lovise Andersdotter Stavang i 1829, busett same stad.

Anne levde ved skiftet etter faren i 1820. Det er truleg ho som vart gift med Knut Larsson Stavang i 1832, busett same stad.

Birte

Nille gifta seg i 1852 med Mikal Henriksson (sjå neste par) frå Selvika i Askvoll, då busett i Selvika i Flora. Dei budde i Selvika. Barn: Anne Pernille (1846), Mads Henrik (1853).


Tipptipptippoldeforeldre XV i Selvika i Askvoll
92. Henrik Jansson
f. 1774, Kvammen i Askvoll
far: 184. Jan Simonsson
d. ??
mor: 185. Anne Jonsdotter
93. Synnøve Korneliusdotter
f. 1770, Selvika i Askvoll
far: 186. Kornelius Eliasson
d. ??
mor: 187. Marte Andersdotter
Henrik var frå Kvammen, Synnøve frå Selvika i Askvoll.

Dei gifta seg i 1800. Ved folketeljinga i 1801 budde Synnøve hos foreldra i Selvika med dottera Helene. Henrik var i teneste ved prestegarden i Førde og var skriven som "enrolleret Matros". Henrik bygsla jord i Selvika frå 1807 til 1825.

Eg veit ikkje når Henrik eller Synnøve døydde.
g. 1800-12-28: Henrik Jansson og Synnøve Korneliusdotter
Barn:
1800: Helene
1802: Jan
1804: Mikal
1806: Abraham
1812: Mads
1813: Hille Rakel
1816: Kornelius
Helene gifta seg i 1840 med Henrik Sørensson frå Vevring. Dei budde i Gjelsvika i Askvoll. Barn: Anne Massi (1842).

Jan?

Mikal gifta seg i 1852 med Nille Andersdotter frå Selvika i Flora (sjå førre par). Han budde då der. Dei budde i Selvika. Barn: Anne Pernille (1846), Mads Henrik (1853).

Abraham

Mads drukna i 1829 ved Reksta.

Hille vart gift for 2. gong i 1851 med Jens Olsson frå Birkeflot.

Kornelius vart gift i 1848 med Nille Johanne Hansdotter frå Apneset i Naustdal. Dei budde i Nervika i Askvoll. Barn: Samson Mads Henrik (1848), Anders (1853?). Kornelius døydde i 1888.


Tipptipptippoldeforeldre XVI i Løvika i Askvoll
94. Bertel Pedersson
f. ca. 1755, Vatne i Naustdal
far: 188. Peder Olsson
d. 1845, Løvika i Askvoll
mor: 189. Kari Markvardsdotter
95. Helene Olsdotter
f. 1754, Løvika i Askvoll
far: 190. Ole Simonsson
d. 1829-03-07, Løvika i Askvoll
mor: 191. Kristi Andersdotter
Bertel var frå Vatne i Naustdal, Helene frå Løvika i Askvoll.

Dei gifta seg i 1782, og Bertel bygsla jord i Løvika frå året etter. I 1801 vart han eigar av jorda. Ved folketeljinga det året budde dei i Løvika med alle barna bortsett frå Marte og Pernille. I 1817 overtok sonen Peder jorda etter faren som eigar, men Bertel står som brukar fram til 1825.

Helene døydde i 1829, Bertel i 1845.
g. 1782-06-23: Bertel Pedersson og Helene Olsdotter
Barn:
1783: Peder
1784: Anne Sofie
1785: Ananias
1787: Ole
1789: Marte Oline
1791: Oline
1793: Massi Pernille
1796: Pernille Kristine
1798: Hille Kristine
Peder gifta seg i 1813 med Oline Andersdotter frå Helle i Naustdal. Dei budde i Løvika. Barn: Anders (1815), Anne Vilhelmine Kristine (1817), Andreas Jokum (1822), Bertel Martinus (1824), Henrik Martinus (1825), Mads Peder (1827), Anne Kristine (1829), Aleksander (1833).

Anne gifta seg i 1821 med Kornelius Olsson frå Helle i Naustdal. Dei budde på plassen Inste Klubben under Helle. Barn: Birte Oline (1821), Ole (1823), Henrik (1827). Anne levde til 1852.

Ananias gifta seg i 1814 med Ida Massi Andersdotter frå Vatne i Naustdal.

Ole budde i Løvika. Han døydde i 1857.

Marte gifta seg i 1812 med Kornelius Andersson frå Helle i Naustdal. Dei budde på Helle. Barn: Anders (1813), Ole Salomon (1816), Gabriel (1818), Hille Katrine (1821), Absalon (1826). Marte levde til ca. 1865.

Oline var tenestejente i Ålen. Ho døydde i 1844.

Massi

Pernille ser ut til å vere død før 1801.

Hille gifta seg i 1830 med Anders Olsson frå Helle i Naustdal. Dei budde på Helle. Barn: Hille (1832), Ole Andreas (1834). Hille Bertelsdotter levde til 1856.