Torodd Kinn sine anar
med utgangspunkt i oldemødrer Marie og Hanna Olsdøtrer Ytre Reksta
Oppdatert 16. januar 2011

På desse sidene sporar eg anane mine bakover, generasjon for generasjon og par for par.
Sidene er under utvikling! Eg har mykje meir stoff liggjande enn det som eg har presentert her, og det er meininga at sidene skal vekse og få nye avleggjarar smått om senn.

Til heimesida
Spørsmål, kommentarar, rettingar? Skriv til <kinning ÆTT online.no>.


Tippoldeforeldre II og VI på Ytre Reksta i Flora
18. Ole Mikal Hermansson* f. 1826-05-05, Veiesundet i Flora
far: 36. Herman Olsson
d. 1914-04-02, Ytre Reksta i Flora
mor: 37. Ales Karstensdotter
19. Susanne Bolette Arntsdotter* f. 1836-04-22, Sunnarvika i Flora
far: 38. Arnt Sørensson
d. 1901-12-02, Ytre Reksta i Flora
mor: 39. Anne Marie Andersdotter
*Ole Mikal Hermansson og Susanne Arntsdotter er nr. 18 og 19 som foreldra til nr. 9 Marie Olsdotter. Dei er samtidig nr. 26 og 27 som foreldra til nr. 13. Hanna Olsdotter.

Ole Mikal vart døypt 15. mai 1826. Fadrane var Johannes O. Rognaldsvåg, Søren E. Andalsvåg, Kornelius O. Veiesund, Elen M. Andal og Johanne J. Rognaldsvåg. Ole Mikal voks opp hos foreldra i Veiesundet. Han hadde ein eldre bror, Karsten, og fekk ei yngre syster (sjå foreldra). Det kan sjå ut til at heile familien flytta til Ytre Reksta, men når dette skjedde, er uvisst.

Susanne vart døypt 24. april 1836. Fadrane var Ole B. Hovland, Gjert O. Vasset, Hille M.E. s.st., Anne J. Storevik, Birte A. s.st. (Ved dåpen er namnet skrive "Susanne Bolette", men både ved ekteskapet og gravlegginga har det vorte "Susanne Juditte".) Susanne voks opp hos foreldra i Sunnarvika. Ho hadde fem eldre sysken og to yngre systrer (sjå foreldra).

Ole Mikal og Susanne gifta seg i 1858. Forlovarar var Ludvig Nilsson Skorpa og Didrik Mortensson Rognaldsvåg (mannen til Ole Mikal si syster Helene). Ole Mikal hadde bygsla jord på Ytre Reksta sidan 1857.Ved folketeljinga i 1865 hadde dei dei tre eldste barna. Dei hadde hest, 12 storfe, 18 sauer og ein gris. Dei hadde sådd to tønner havre og sett to tønner poteter. Ved folketeljinga i 1875 hadde dei fått alle seks barna. Dei hadde to kyr, fem ungnaut, 19 sauer og to griser. Dei hadde sådd tre tønner havre og sett 1/4 tønne poteter.

I april 1889 kjøpte Ole Mikal størstedelen av det bruket han hadde bygla, og selde det vidare til sønene Arnt og Herman i juni same året. Året etter skreiv dei to sønene kårbrev til foreldra. Ved folketeljinga i 1900 budde Ole Mikal og Susanne på kår på Ytre Reksta. Susanne døydde 2. desember 1901 av bronkitt. Ved folketeljinga i 1910 budde Ole Mikal hos sonen Arent på Ytre Reksta. Ole Mikal døydde 2. april 1914.
g. 1858-09-30: Ole Mikal Hermansson og Susanne Arntsdotter
Barn:
1858-12-25: Anne Marie
1861-08-17: Hanna Marie
1864-02-27: Arent Ananias Hartvig
1866-04-13: Herman Abraham Olai
1869-05-02: Anne Margrete
1871-10-30: Lyder Matias


Arent gifta seg i 1894 med Trone Marie Sakariasdotter Standal. Ved folketeljinga i 1900 budde dei på Ytre Reksta med ein son og ei dotter. Dei hadde gard. I 1910 var dei gardbrukarar og fiskarar på Ytre Reksta og hadde seks barn (sjå nedanfor). Hos dei budde far hans, Ole Mikal. Dei budde i same huset som broren Herman og familien. Iallfall desse barna nådde konfirmasjonen: Olav Severin (f. 1896), Sina Amanda (f. 1899), Alfred Matias (f. 1902), Bernhard Johan (f. 1904), Susanne Juditte (f. 1907), Ansgar Olai (f. 1910), Borghild (f. 1913). Arent døydde av kreft i 1927.

Herman gifta seg i 1896 med Elen Marie Kaspersdotter Rognaldsvåg. Ved folketeljinga i 1900 budde dei på Ytre Reksta med to døtrer. Dei hadde gard. I 1910 var dei gardbrukarar og fiskarar på Ytre Reksta. Dei hadde dei fem barna som er lista opp nedanfor. Dei budde i same huset som broren Arent. Iallfall desse barna nådde konfirmasjonen: Sanna Marie (f. 1896), Olga Kristine (f. 1899), Harriet Elida (f. 1901), Karl Olai (f. 1904), Margit (f. 1907). Herman døydde i 1954.

Margrete (Grete) gifta seg i 1891 med Lyder Andreas Desideriusson Sunde. Ved folketeljinga i 1900 budde dei i Rognaldsvåg med to søner og to døtrer. Lyder dreiv landhandel. I 1910 budde dei i Rognaldsvåg og dreiv landhandel saman med bror hans, Bertinus Sunde. Dei hadde då åtte barn (sjå nedanfor). Iallfall desse barna nådde konfrimasjonen: Serine Kamilla (f. 1891), Ditlev Olai (f. 1893), Einar Ananias (f. 1896), Klara Lorentse (f. 1898), Astrid Lovise (f. 1901), Anne Bertine (f. 1903), Olav (f. 1905), Helene (f. 1907), Laura Amanda (f. 1912). Margrete døydde i 1941.

Lyder gifta seg i 1895 med Alette Marie Stefanusdotter Skorpeide. Ved folketeljinga i 1900 budde dei på Ytre Reksta med ein son og to døtrer. I 1910 var dei gardbrukarar og fiskarar på Ytre Reksta. Dei hadde då sju barn (sjå nedanfor). Iallfall desse barna nådde konfirmasjonen: Sigvart Olai (f. 1895), Sanna Serine (f. 1898), Synnøve Alberta (f. 1900), Laura Alida (f. 1902), Oskar Elias (f. 1904), Betsy (f. 1906), Aslaug Alvhild (f. 1908), Alvhild (f. 1911), Magnus (f. 1913). Lyder døydde i 1960.


Tipptippoldeforeldre III og XI i Veiesundet i Flora
36. Herman Olsson f. 1788, Nes i Askvoll
far: 72. Ole Johannesson
d. 1859-10-06, Ytre Reksta i Flora
mor: 73. Helene Egidiusdotter
37. Ales Karstensdotter f. 1792, Sunnarvika i Flora
far: 74. Karsten Karstensson
d. 1857-06-24, Ytre Reksta i Flora
mor: 75. Oline Monsdotter
Herman var fødd og voks opp på Nes i Askvoll. Han var den nest yngste i syskenflokken (sjå foreldra).

Ales var fødd og voks opp i Sunnarvika. Ho var den yngste av mange sysken (sjå foreldra). Ho var mostera til Anne Marie (sjå nedanfor), som vart sonen Ole Mikal si svigermor.

Herman og Ales gifta seg i 1821. Forlovarar var Kornelius Olsson Veiesund og Johannes Olsson Rognaldsvåg. Dei vart husmannsfolk i Veiesundet og fekk barna sine der. Seinare ein gong flytta dei til Rognaldsvågen eller Ytre Reksta; alle barna budde og hadde familie der. Ales døydde på Ytre Reksta i 1857, Herman i 1859. I kyrkjeboka står det at han døydde 6. oktober, men var gravlagd først 14. november. Dette tyder på at han må ha drukna, og at det tok ei tid før han vart funnen.
g. 1821-08-05: Herman Olsson og Ales Karstensdotter
Barn:
1823-08-22: Karsten Olai
1826-05-05: Ole Mikal
1829-01-31: Helene Juditte


Karsten vart gift i 1851 med Anne Sofie Arntsdotter frå Sunnarvika, systera til Ole Mikal si kone Susanne. Han budde då på Reksta, og dei busette seg i Rognaldsvåg. Ved folketeljinga i 1865 hadde dei fire barn. Karsten var fiskar og hadde ikkje jord. Sofie døydde i 1876. Det ser ut til at Karsten levde til etter 1885, men var død før 1900. 
Barn:
1852: Arnt (d. 1852)
1853: Ole Mikal Sakarias (d. 1858)
1855: Herman Andreas (g. 1884 i Tjøtta pgj. m. Jørgine Marie Henriksdotter Kilvær (dotter av Henrik Nikolai Olsson), bst. Kilvær, fiskar, truleg d. før 1900)
1858: Olemika Anne Marie (g. 1878 i Bergen m. smed Elias Johan Olsson (son av Ole Jørgensson Hersvik i Solund), bst. Bergen, Askøy, Årstad (Krohnsminde) 1900)
1861: Arnt Olai (bst. Solheim i Kinn ved konf. i 1876; g. 1884 i Ytre Holmedal pgj. m. Jørgine (Gina) Augusta Hermansdotter (dotter av Herman Sørensson Steia), bst. Steia ved Dale, skomakar). Busette på "Toppen" ved Dalen i 1910.
1864: Anne Margrete Birgitte (bst. Sandvika i Kinn ved konf. i 1879; g. 1892 i Lødingen pgj. m. Hans Martin Arntsson Nes (son av Arnt Matias Mattisson), bst. Nes)
1867: Karen Sofie (bst. Midbøen i Kinn ved konf. i 1882; fekk sonen Mads Ananias Kornelius m. Anders Madsson Midbø i 1893, var då tenestejente i Sunndalen i Kinn; g. 1900 i Lødingen m. enkjemann Olav Fredrik Aleksander Andersson Nes (son av Anders Hansson), bst. Nes). Busette på Erikstad på Nes i 1910.
1871: Abraham Olai (ugift jernbanearbeidar på Oppset i Aurland i 1900)

Helene vart gift i 1851 med Didrik Martinussen frå Ytre Reksta. Ho budde då på Reksta, truleg Rognaldsvåg, og dei busette seg der. Ved folketeljinga i 1865 hadde dei seks barn. Didrik var fiskar og hadde ikkje jord. Både Helene og Didrik budde framleis i Rognaldsvåg i 1910.
Barn:
1851: Maren Martea (g. 1871 i Lindås pgj. m. Jens Martinusson (son av Martinus Martinusson Toftegård i Austrheim), bst. Storehaugane i Rognaldsvåg). I 1910 var Jens gift med Grete Didriksdotter.
1853: Anne Katrine (g. 1879 i Askvoll m. retts-/kontorbod Peder Andreas Jensson Stavsnes (son av Jens Pedersson), bst. Bergen)
1856: Birte Sofie Jørgine (g. 1878 m. Olai Gjertsson (son av Gjert Antonsson Ytre Reksta), bst. Storehaugane i Rognaldsvåg, i 1910 på Reksta.
1859: Herman Matias (g. 1885 m. Johanne Johansdotter (dotter av Johan Hansson Soløy i Ibestad), bst. Kinn). Dei budde i Åkrøya; i 1910 var Herman reserveassistent ved Ytterøyane fyr.
1862: Nille Bolette (g. 1887 i Bergen (Johanneskirken) m. maskinist Matias Iversson (son av Iver Olsson Setervik i Hyllestad), bst. Bergen). Eg trur det må vere dei som budde i Sparresgate 2 i 1910, sjølv om det står at det var han som var frå Kinn, og at ho kom frå Vik i Sogn.
1865: Karen Marie (d. 1866)
1867: Henrik Kornelius. Ugift skomakarsvein i Bergen 1900. Ugift skomakar på Tveiterås i Fana i 1910.
1871: Olemika Marie. Ttruleg ho som er ugift tenestejente på Nyhaugen i Fana 1900, likeins i 1910.


Tipptippoldeforeldre IV og XII i Sunnarvika i Flora
38. Arnt Hartvig Sørensson f. 1798, Hovland i Flora
far: 76. Søren Gunnarsson
d.1861-12-14, Sunnarvika i Flora
mor: 77. Oline Olsdotter
39. Anne Marie Andersdotter f. 1800, Sunnarvika i Flora
far: 78. Anders Ananiasson
d. 1857-01-31, Sunnarvika i Flora
mor: 79. Katrine Karstensdotter
Arnt var fødd og voks opp på Hovland med fleire eldre og yngre sysken (sjå foreldra). Han miste mora då han var om lag sju, faren tre år seinare.

Anne Marie var fødd og voks opp i Sunnarvika. Mora Katrine var syster til Ales (sjå ovanfor), som vart svigermor til dottera Susanne.

Arnt og Anne Marie gifta seg i 1822 og busette seg i Sunnarvika. I 1829 kjøpte han det bruket der som far hennar hadde bygsla. Sonen Abraham overtok garden som eigar i 1849, men i kassebøkene til futen står Arnt som brukar og skattebetalar til 1856. Anne Marie døydde i Sunnarvika i 1857, Arnt i 1861.
g. 1822-07-02: Arnt Sørensson og Anne Marie Andersdotter
Barn:
1823-01-04: Søren Ananias
1824-03-31: Abraham Olai
1826-11-27: Anne Sofie
1830-03-09: Ole Mikal
1833-04-27: Salomon Matias
1836-04-22: Susanne Bolette
1840-08-20: Anne Katrine Birgitte
1843-11-26: Anne Birgitte Lydia


Søren døydde i 1823.

Abraham vart gift i 1850 med Hille Marie Olsdotter frå Lykkjebøen. Dei budde i Sunnarvika. Barn: Anne Marie, tvilling med Helene (1850), Arent Hartvig Olai (1853), Oleanne Elen Marie (1855), Anne Sofie Oline (1857), Ole Andreas Rasmus (1859), Anders Johannes (1861), Samson Matias (1863). Abraham døydde i 1864. Ved folketeljinga i 1865 budde enkja i Sunnarvika med alle barna unnateke Anne Sofie Oline. To brør av Abraham budde der: Ole Mikal var losjerande og Salomon tenestekar. Ved folketeljinga i 1900 var Hille kårenkje i Sunnarvika. Salomon losjerte hos henne. Likeins var det i 1910, og då hadde dei ei fosterdotter, Helene Andersdotter (f. 1876 i Kinn). Dei budde på garden til son hennar, Arent.

Sofie vart gift i 1851 med Karsten Olai Hermansson, broren til Susanne sin mann Ole Mikal. Han budde då på Reksta, og dei busette seg i Rognaldsvåg. Ved folketeljinga i 1865 hadde dei fire barn. Karsten var fiskar og hadde ikkje jord. Det ser ut til at Sofie døydde i 1876. Karsten levde til etter 1885, men var død før 1900. Barn: Sjå ovanfor under Tipptippoldeforeldre III og XI.

Ole Mikal fekk ei dotter, Anne Marie, utanfor ekteskap i 1864. Mora var Ingeborg Kristiansdotter Vasset. Ved folketeljinga i 1865 var Ole Mikal ugift og var losjerande fiskar hos Hille Olsdotter, enkja etter broren Abraham. Han kjøpte jord på Hovland i 1866. I 1867 gifta han seg med enkja Anne Sofie Madsdotter. Ho var frå Hovland, men hadde vore gift i Svarthumla. Det ser ut til at begge døydde mellom 1885 og 1900.

Ved folketeljinga i 1865 var Salomon tenestekar hos Hille Olsdotter, enkja etter broren Abraham. I 1900 losjerte han framleis hos henne. Han var ugift snikkar. Likeins i 1910, då han mellombels var i Høydalen.

Ved folketeljinga i 1865 var Katrine i teneste hos Mads Arnesson i Sunnarvika. I 1866 vart ho gift med sonen, Abraham Matias Madsson. Barn: Abraham Matias (1867). Allereie i 1869 vart ho gift for andre gong, med Ole Mikal Danielsson frå Batalden. Barn: Didrik Andreas (1869), Arnt Olai (1871), Lydia Alette (1875). Katrine døydde på Fugløya i Batalden i 1888 og etterlét seg mann og felles barn.

Lydia fekk ei dotter, Andrea Marie, utanfor ekteskap i 1862. Ho budde då på Reksta. Faren var Torgeir Torsson Knapstad. Ved folketeljinga i 1865 var ho i teneste hos Henrik Mortensson på Indre Reksta, og i 1866 vart ho gift med sonen, Martin Olai Henriksson. Barn: Nille Marie (1866), Henrik Andreas (1867), Abraham Olai (1870), Anne Marie Birgitte (1872), Nille Henrikke (1874), Arent Ananias Hartvig (1877).  I 1875 flytta Lydia og Martin med døtrene Anne Marie Birgitte og Nille Henrikke til Hosanger, dvs. Lindås eller Osterøy i Hordaland. Dei må ha komme tilbake etter få år, sidan dei fekk ein son på Reksta i 1877.  Martin døydde i 1898. I 1900 sat Lydia som enkje på Indre Reksta. Likeins i 1910, i Kalvemarka på Indre Reksta hos sonen Arent og familien.


Tipptipptippoldeforeldre V og XXI på Nes i Askvoll
72. Ole Johannesson
f. 1743, Nedre Straumen i Askvoll
far: 144. Johannes Arnesson
d. 1815, Nes i Askvoll
mor: 145. Mari Larsdotter
73. Helene Egidiusdotter
f. 1747, Nedre Straumen i Askvoll
far: 146. Egidius Johannesson
d. 1812, Nes i Askvoll
mor: 147. Borgny Pedersdotter
Både Ole og Helene kom frå Nedre Straumen. Ole bygsla jord på Nes frå 1763.

Ole var først gift i 1764 med enkja Pernille Olsdotter frå Lunde i Gaular, som hadde vore gift på Kumle i Askvoll. Dei budde på Nes. Pernille døydde i 1774.

Ole og Helene gifta seg i 1775. Dei vart buande på Nes. Ved folketeljinga i 1801 budde dei der med barna Egidius, Herman og Borgny. Sonen Egidius overtok bygselen i 1803. Helene døydde i 1812, Ole i 1815.
g. 1764: Ole Johannesson og Pernille Olsdotter
Ingen barn.

g. 1775: Ole Johannesson og Helene Egidiusdotter
Barn:
1775: Pernille
1780? Egidius
1781: Marie
1782: Marie
1786: Johannes
1788: Herman
1792: Borgny


Pernille vart gift i 1819 med enkjemannen Øystein Annfinnsson frå Yndestad i Askvoll. Dei budde på Yndestad.

Egidius vart gift i 1803 og budde på Nes. Han overtok jorda etter faren.

Begge Mariene må ha døydd som barn.

Johannes vart gift i 1806 med Katrine Karstensdotter frå Svortevika i Flora.

Borgny døydde i 1792.


Tipptipptippoldeforeldre VI og XXII i Sunnarvika i Flora
74. Karsten Karstensson*
f. 1744, Hovland i Flora
far: 148. Karsten Olsson??
d. 1804, Sunnarvika i Flora
mor: 149. Gunnhild Sjursdotter
75. Oline Monsdotter*
f. 1752, Naustdal i Naustdal
far: 150. Mons Olsson
d. 1817, Sunnarvika i Flora
mor: 151. Anne Monsdotter
*Karsten Karstensson og Oline Monsdotter er nr. 74 og 75 som foreldra til nr. 37 Ales Karstensdotter. Samtidig er dei nr. 158 og 159 som foreldra til nr. 79 Katrine Karstensdotter.

Karsten var frå Hovland og Oline frå sjølve Naustdal.

Karsten og Oline gifta seg i 1774. Dei flytta ein del rundt; dei første barna er fødde på Hovland, i Eikefjorden og i Nyttingneset. I Nyttingneset hadde Karsten jord i 1776–78, men frå 1778 bygsla han jord i Sunnarvika. Mannen til dottera Katrine, Anders Ananiasson, overtok bygselen i 1795. Ved folketeljinga i 1801 budde Karsten og Oline hos Anders og Katrine. Barna Mads og Ales budde òg der. Karsten døydde i 1804, Oline i 1817.
g. 1774-07-11: Karsten Karstensson og Oline Monsdotter
Barn:
1774: Rebekka
1775: Birte Susanne Regine
1776: Anne Katrine
1778: Mads
1780? Ole Mikal
1784? Øllegård
1792: Ales



Rebekka var død før 1804.

Birte var død før 1804.

Mads gifta seg i 1802 med Johanne Olsdotter frå Ramsdalen. Dei budde først i Sunnarvika. Barn: Karsten (1805), Henrikke (1806), Orlaug (1813), Klaus (1817), Oline Marie (1819). Dei to siste var fødde høvesvis på Steinhovden og i Veiesundet.

Ole Mikal levde i 1804.

Øllegård levde i 1804.


Tipptipptippoldeforeldre VII og XXIII på Hovland i Flora
76. Søren Gunnarsson
f. 1769, Hovland i Flora
far: 152. Gunnar Danielsson
d. 1808, Hovland i Flora
mor: 153. Anne Tuesdotter
77. Oline Massi Olsdotter
f. 1768, Lykkjebøen i Flora
far: 154. Ole Absalonsson
d. 1805, Hovland i Flora
mor: 155. Marie Olsdotter
Søren var frå Hovland og Oline frå Lykkjebøen.

Søren bygsla jord på Hovland frå 1791 til 1807; han overtok etter faren. Søren og Oline gifta seg i 1792. Ved folketeljinga i 1801 budde dei på Hovland med barna Torstein, Anne, Arnt og Mons. Foreldra til Søren budde òg der. Oline døydde i 1805, Søren i 1808.
g. 1792-07-18: Søren Gunnarsson og Oline Olsdotter
Barn:
1793: Torstein
1795: Anne
1798: Arnt Hartvig
1800? Mons*
1801: Mads Henrik*
1803: Anders (tvilling)
1803: Martin (tvilling)
*Det er mogleg at Mons og Mads er same person. Mons er nemnd i folketeljinga, Mads i kyrkjeboka.
Torstein var gift med Karen Matiasdotter og budde på Hovland. Barn: Samson Matias Olai (1833).

Anne levde i 1807. Ei Anne Sørensdotter var gift med Ole Bårdsson og budde på Hovland. Fleire barn. Er det ho?

Mons levde i 1807.

Dersom Mads Henrik er ein annan enn Mons, levde han ikkje opp.

Tvillingane Anders og Martin levde ikkje opp.


Tipptipptippoldeforeldre VIII og XXIV i Sunnarvika i Flora
78. Anders Ananiasson
f. ca. 1771, Veien i Naustdal
far: 156. Ananias Markvardsson
d. 1838-02-09, Sunnarvika i Flora
mor: 157. Barbra Jakobsdotter
79. Anne Katrine Karstensdotter
f. 1776, Nyttingneset i Flora
far: 74. Karsten Karstensson
d. 1838-05-15, Sunnarvika i Flora
mor: 75. Oline Monsdotter
Anders var frå Veien i Naustdal. Katrine var fødd på Nyttingneset, men familien budde i Sunnarvika frå ho var om lag to. Anders overtok bygselen av det bruket i Sunnarvika som far til Katrine hadde hatt, i 1795.

Anders og Katrine gifta seg i 1796. Ved folketeljinga i 1801 budde dei i Sunnarvika med dei to eldste barna, Katrine sine foreldre og syskena Mads og Ales. Anders dreiv jorda fram til 1829, då dottera Anne Marie sin mann Arnt Sørensson kjøpte jorda. Både Anders og Katrine døydde i 1838.
g. 1796-07-10: Anders Ananiasson og Katrine Andersdotter
Barn:
1796: Anders
1800: Anne Marie
1808: Elen Marie Zitzelau
1813? Anne Katrine
1817: Birte Marie

Anders levde i 1801.

Anne Marie

Elen gifta seg i 1836 med enkjemannen Anders Simonsson frå Seterlia. Dei budde i Seterlia. Ho gifta seg igjen med enkjemannen Gideon Andreas Johannesson frå Sunnarvika i 1849.

Anne Katrine?

Birte?