| Tippoldeforeldre VII på
Ytre Revøy (i Korshamn) i Lyngdal |
||
| 28.
Gabriel
Petter Tobias Pettersson |
f. 1829-07-22, Ytre
Revøy (Korshamn) i Lyngdal |
far: 56. Petter Tønnesson |
| d. 1887-11-18, Ytre Revøy (Korshamn) i Lyngdal | mor: 57. Anne Torine Gulbrandsdotter | |
| 29. Rakel Kristine
Eilertsdotter |
f. 1835-11-29, Steinsland i Lyngdal |
far: 58. Eilert Kristian Ariansson |
| d. 1906?, Ytre Revøy (Korshamn) i Lyngdal |
mor: 59. Todne Reiersdotter |
|
| Gabriel var
fødd i
Korshamn. Han voks opp hos foreldra og var den yngste i ein syskenflokk
av halv- og fullsysken. Som ung mann reiste han til sjøs. Rakel var fødd på Steinsland. Ho voks opp hos foreldra og var den yngste i ei rekkje halv- og fullsysken. På 1830-talet ein gong flytta familien til Mønestad i Lindesnes. Gabriel og Rakel gifta seg i 1857. Ho var då busett på Mønestad. Forlovarar var "N Petter" og Alvig Mønestad (bror hennar). Dei busette seg i Korshamn. Gabriel var los. Ved folketeljinga i 1865 hadde dei fått dei fire eldste sønene. Dei hadde ikkje jord, men hadde ei ku og ein sau. I det same huset far hans og stemor hans, Maren Olsdotter. Dei hadde ei ku. Ved teljinga i 1875 hadde dei ei ku og tre sauer. Gabriel drukna på hummerfiske 18. november 1887 og vart aldri funnen. Sonen Eilert drukna samtidig, men han vart funnen og gravlagd. Rakel vart buande i Korshamn. Ved folketeljinga i 1900 ser det ut til at ho hadde sitt eige hushald, men sonen Teodor budde visst òg i det same huset med familien sin. Rakel døydde ifølgje bygdeboka for Austad i 1906. Dottera Gardia overtok etter kvart huset. Det står enno og vert kalla "Rakels hus". |
g. 1857-12-04:
Gabriel Pettersson og Rakel Eilertsdotter Barn: 1859-07-11: Petter Andreas 1860-11-11: Eilert Tobias 1862-12-22: Teodor 1865-01-18: Anton 1866-11-25: Gardia Remine 1868-01-26: Reinert Tobias 1870-06-06: Gardia Remine 1872-10-28: Olaves 1874-09-29: Adolf 1876-04-07: Adolf 1880-01-23: Margrete |
Petter
vart gift i 1887 med Emilie Sofie Salvesen
frå Farsund. Ved folketeljinga i 1910 budde dei i Inger Sundts
gate 4 i Farsund, i første etasje av eit forhus som dei eigde.
Han var kalla Petter Andreas Martin Gabrielsen. Dottera Ragna Gustava
(f. 1888) var gift i New York. Sonen Sigvald Emil (1890) var
sjømann, p.t. i Baltimore. Sonen Petter Emanuel (1892) var
òg sjømann, New York. Heime budde Ella (1895), Gabriel
Tobias (1899) og Edith (1902). Dei hadde to losjerande
skreddarlærlingar frå Spind (Nicola Gabrielsen og Nelly
Hansen). Eilert var hjelpemann for faren, som var los. Begge drukna i 1887. Teodor Anton (Tobiassen) emigrerte til USA. Han var sjømann. Han døydde av tuberkulose i Brooklyn i New York i 1889. Han var ugift og hadde ikkje barn. Den første Gardia døydde i 1867. Reinert var gift med Inger Kiddelsdotter frå Austre Moland i Aust-Agder. Ved folketeljinga i 1910 budde dei i Bjelkevik i Eskestøl i Austre Moland. Han var gardbrukar og tømmermann til sjøs (for tida i Drammen). Heime budde då barna Ragna (1895) og Hagbart (1902). Gardia gifta seg med Oluf Berntsson (Larsen) frå Langøy i Farsund (Spind). Dei budde på Spind, i Stavanger, i Korshamn og til sist på Hundingsland i Lyngdal. Dei hadde fire barn. Oluf var skomakar. Olaves (Krosshavn) eller Olaus var offiser i marinen. Han var gift med Marie (f. Sogndal 1875). Dei budde ulike stader: Horten, Ramsund i Nordland, Farsund. Ved folketeljinga i 1910 var Olaus Tobiassen underoffiser i marinen. Familien leigde bustad i eit forhus i Gundersens gate i Horten. Dei hadde då desse barna, alle fødde i Horten: Trygve (1900), Sverre (1902), Rolf (1904), Margrethe (1906). Den første Adolf døydde i 1874. Adolf (Tobiassen) emigrerte til USA og nytta der namnet Thomsen. Han skal ha vore frisør. Han var ugift og hadde ikkje barn. Han døydde truleg på 1920-talet. Margrete døydde i 1906, visstnok av tuberkulose. Ho var ugift og hadde ikkje barn. |
| Tipptippoldeforeldre XIII
på Ytre Revøy (i Korshamn) i Lyngdal |
||
| 56. Petter
Tønnesson |
f. 1793, Hundingsland i
Lyngdal |
far: 112. Tønnes Guluvsson |
| d. 1885, Ytre Revøy (Korshamn) i Lyngdal |
mor: 113. Birte Pedersdotter | |
| 57. Anne
Torine Gulbrandsdotter |
f. 1790, Christiania |
far: 114. Gulbrand Larsson |
| d. 1845, Ytre Revøy (Korshamn) i Lyngdal |
mor: 115. Anne Torersdotter |
|
| Petter var fødd på Hundingsland i Lyngdal i 1793, men familien flytta til Korshamn før 1800. Anne Torine var fødd i Strandgaden (Bjørvika) i Christiania i 1790, døypt 27. oktober. Foreldra budde då i Strandgaden. Ved folketeljinga i 1801 budde familien på Vaterland i Kristiania. Det kan sjå ut til at faren tok med seg familien til Korshamn etter at mora var død, og gifta seg igjen der i 1811. Anne Turine var først gift i 1815 med Arian Osmundsson frå Korshamn. Han var f. 1792 som son av Osmund Gunnarsson og Marie Ansteinsdotter. Arian og Anne Turine var strandsitjarar i Korshamn, i Ura. Arian døydde i 1822. Petter og Anne Turine gifta seg i 1823. Dei var òg strandsitjarar i Korshamn, i Ura, men Petter var òg los. Anne Turine døydde i 1845. Petter gifta seg igjen i 1846 med Maren Johanne Olsdotter, f. 1799 på Markøy i Lyngdal. Ho var enkje etter Lars Jakob Ariansson på Fladstad i Lindesnes. Ved folketeljinga i 1865 var dei strandsitjarar, og Petter var pensjonert los. Dei hadde ei ku. Ved folketeljinga i 1875 hadde dei eit ungbeist. Maren døydde i 1876, medan Petter levde til 1885. |
g. 1815: Arian Osmundsson og Anne Turine Gulbrandsdotter Barn: 1816: Anne Malene el. Masine 1819: Olaus 1821: Else Susanne g. 1823: Petter Tønnesson og Anne Turine Gulbrandsdotter Barn: 1823: Anne Bertine 1827: Tonette Marie 1830: Gabriel Tobias g. 1846: Petter Tønnesson og Maren Johanne Olsdotter Ingen barn saman. |
Anne Malene gifta
seg i 1845 med Kristian Hansson frå Korshamn. Dei budde i
Tarjerstøa i Korshamn, og han var visst los. Han drukna i 1848,
medan Anne Malene levde til 1891. Barn: Hans (f. 1847). Olaus døydde i 1819. Else Susanne flytta til Holmestrand i 1844. Ho gifta seg der med snikkar Engebret Hansson frå Holmestrand i 1846. Ved folketeljinga i 1865 budde dei i Vestre Braarudgade i Horten; han var snikkar. Barn hos dei: Hans Anton (19 år, f. Holmestrand), Tora Andrea (16, ho og dei følgjande fødde i Horten), Bredine Sørine (13), Oluf August Teodor (7), Emeline Sesilie (3). Anne Bertine flytta til Holmestrand i 1841 for å tene hos tollbetjent Glad. Ho vart gift med fråskild tollbetjent Hagen Glad i 1858. I 1865 var ho enkje i Horten, under namnet Anne B. Glad. Ho hadde hos seg sonen Hagen Bertrand Glad (f. 1859 i Holmestrand). Tonette flytta til Randøy i Hjelmeland i Rogaland i 1851. Ho gifta seg med Jakob Olsson Kåda i 1853. I 1865 budde dei som sjølveigande bønder på Kåda med barna Ole (13), Peder (10), Borgille (8), Anna Marie (5) og Berthe Malina (2). Gabriel |
| Tipptippoldeforeldre XIV og
tipptipptippoldeforeldre XXX i Jåsund (Bulega) i Lyngdal og på
Mønestad i Lindesnes |
||
| 58. Eilert Kristian
Ariansson* |
f. 1792, Steinsland i Lyngdal |
far: 116. Arian Tollaksson |
| d. 1860, Mønestad i Lindesnes |
mor: 117. Oline Eriksdotter | |
| 59. Todne
Reiersdotter |
f. 1802, Åpåse i Marnardal |
far: 118. Reier Olsson |
| d. 1871, Mønestad i Lindesnes |
mor: 119. Birte Toruvsdotter |
|
| 123. Rakel Johannesdotter | f 1800, Hægeland på Neset* i Lindesnes *Garden heiter Hægeland på Neset for å skilje han frå Hægeland (i Fjorden), som òg ligg i Lindesnes. Det aktuelle Hægeland er grannegard til Mønestad. |
far: 246. Johannes Ellefsson |
| d. 1822, Jåsund (Bulega) i Lyngdal |
mor: 247. Ester Andersdotter |
|
| *Eilert K. Ariansson er nr. 58 som far til nr. 29 Rakel
Eilertsdotter og mannen
til nr. 59 Todne Reiersdotter. Han er samtidig nr. 122 som far til nr.
61 Oline Eilertsdotter og mannen til nr. 123 Rakel Johannesdotter. Eilert var frå Steinsland i Lyngdal, og ved folketeljinga i 1801 budde han der med foreldra, som var gardbrukarar, og tre sysken. Rakel kom frå Hægeland på Neset i Lindesnes. Ved folketeljinga i 1801 budde ho der med foreldra, som var gardbrukarar. Familien flytta til Bulega i Jåsund i Lyngdal før 1803. Todne kom frå Åpåse i Marnaldal, der foreldra var gardbrukarar. Eilert og Rakel gifta seg i 1815. Dei budde på Bulega, der dei overtok gardsbruket etter faren hennar. Rakel døydde i 1822. Eilert selde garden same året og kjøpte garden til faren på Steinsland. Eilert og Todne gifta seg i 1826. Dei budde på Steinsland då barna vart fødde, men alt i 1829 skøytte Eilert vekk garden der. Etter kvart flytta familien til Mønestad i Lindesnes. Eilert døydde der i 1860. Ved folketeljinga i 1865 budde enkja Todne på kår på Mønestad hos sonen Alvig og familien hans. |
g. 1815: Eilert Ariansson og Rakel Johannesdotter Barn: 1817: Oline 1820: Elisabet 1821: Elen Kristine g. 1826: Eilert Ariansson og Todne Reiersdotter Barn: 1828: Reinert Andreas 1832: Alvig Tobias 1835: Rakel Kristine |
Oline Elisabet døydde i 1820. Elen døydde i 1822. Reinert vart gift i 1855 med Jette Jansdotter frå Revøy i Lyngdal. Dei var sjølveigande bønder på Midtre Revøy. Han levde til 1885, ho til 1899. Barn: Ida Sofie (f. 1856, bst. Midtre Revøy, d. 1916), Eilert Tobias (f. 1857, bst. Midtre Revøy, d. 1933), Jan Gabriel (f. 1858, g. 1891 m. Oline Amalie Olsdotter Strandjord, bst. Midtre Revøy), Teodora (f. 1863), Tomine (f. 1864, d. 1871), Rikard Julius (f. 1866), Nikoline (f. 1868, d. 1871), Nikolai Teodor (f. 1871, g. 1895 i Spind med Oline Kristine Sakariasdotter Skarvøy, sjømann), Tomine (f. 1874, d. 1892), Adolf Tobias (f. 1876). Alvig vart gift med Karoline Tobiasdotter frå Våge i Lindesnes i 1858. Dei budde på Mønestad i Lindesnes. Barn: Erik (Enok?) Tobias (f. 1860), Edvard Teodor (f. 1863), Tora Helvine (f. 1864, d. 1876 av skarlaksfeber), Karoline Tomine (f. 1868, d. 1876 av skarlaksfeber), Amund Teodor (f. 1871, d. 1876 av skarlaksfeber), Anne Regine (f. 1874). Alvig døydde i 1875. Rakel |
| Tipptipptippoldeforeldre XXV på Ytre Revøy (Korshamn) i Lyngdal | ||
| 112. Tønnes
Guluvsson |
f. 1751, Hesteland i Lindesnes |
far: 224. Guluv Torbjørnsson |
| d. 1801, Ytre Revøy (Korshamn) i Lyngdal |
mor: 225. Valborg Torjusdotter | |
| 113. Birte Pedersdotter |
f. 1753, Hundingsland i Lyngdal |
far: 226. Peder Teisson |
| d. 1814, Ytre Revøy (Korshamn) i Lyngdal |
mor: 227. Gunnhild Pedersdotter |
|
| Tønnes var fødd på
Hesteland i Lindesnes. Kor han voks opp, veit eg ikkje, men det kan ha
vore i Høllen i Lindesnes. Birte var frå Hundingsland i
Lyngdal. Tønnes og Birte gifta seg i Spangereid prestegjeld i 1784. Då budde Tønnes i Høllen i Lindesnes og Birte på Njerve i Lindesnes. Dei budde på Hundingsland i Lyngdal då barna vart fødde, men ved folketeljinga i 1801 budde dei i Korshamn med dei tre barna. Dei var strandsitjarar, og Tønnes var arbeidar og fiskar. Han døydde seinare det året. Berte flytta tilbake til Hundingsland og døydde der i 1814. |
g. 1784: Tønnes Guluvsson og Birte Pedersdotter Barn: 1785: Gabriel 1789: Birte Serine 1793: Petter |
Gabriel døydde ugift i 1807. Birte levde i 1801. Petter |
| Tipptipptippoldeforeldre XXVI i Kristiania | ||
| 114. Gulbrand Larsson |
f. 1760, Oksud (Blommenholm) i Bærum |
far: 228. Lars Gulbrandsson |
| d. 1820, Ytre Revøy (Korshamn) i Lyngdal |
mor: 229. Anne Larsdotter | |
| 115. Anne Torersdotter |
f. 1760, Bjørum i Bærum |
far: 230. Torer Hansson |
| d. før 1811 |
mor: 231. Marte Andersdotter |
|
| Gulbrand var fødd på Oksud
(= Oksehovud) i Bærum; denne staden fekk seinare namnet
Blommenholm. Anne var mest truleg frå Bjørum i Bærum. Gulbrand og Anne gifta seg i 1788. Då budde dei på Snarøya i Bærum. Då dottera Anne Torine vart fødd i 1790, budde dei i Strandgaden (Bjørvika) i Oslo Hospitals Menighed (Gamlebyen). Ved folketeljinga i 1801 budde dei i Vaterlands Tverrgate i Kristiania med tre døtrer. Dei var begge gifte for første gong. Han var skipstømmermann. Anne døydde ein gong mellom ca. 1805 og 1811. Eg veit ikkje kor. I 1811 gifta Gulbrand seg igjen med Else Susanne Gunnarsdotter. Ho var fødd i 1771 i Korshamn, på Kjepsøy, som dotter av Gunnar Håversson og Anne Salomonsdotter. Ho hadde først vore gift med Torkild Nilsson og hadde hatt ein son med han. Ved vigselen er Gulbrand kalla overtømmermann. Gulbrand og Else budde i Korshamn, på Kjepsøy. Han døydde i 1820, ho i 1830. |
g. ca. 1790: Gulbrand Larsson og Anne Torersdotter Barn: 1792: Anne Torine ca. 1795: Marte Marie ca. 1798: Maren Karine ca. 1805: Ingeborg g. 1811: Gulbrand Larsson og Else Susanne Gunnarsdotter Barn: 1814: Anne Tonette Helene |
Anne Turine Marte vart gift i 1818 med styrmann Morten Ludvig Asbjørnsson frå Kristiania. Maren var gift i Kristiania i 1830. Ingeborg flytta til Eikvåg på Lista i 1826. Anne Tonette flytta til Holmestrand i 1841 for å tene hos tollbetjent Glad. |
| Tipptipptippoldeforeldre XXVII på Steinsland i Lyngdal | ||
| 116. Arian Tønnes
Tollaksson |
f. 1764, Steinsland i Lyngdal |
far: 232. Tollak Torkildsson |
| d. 1842, Steinsland i Lyngdal |
mor: 233. Mali Omundsdotter | |
| 117. Oline (Olu) Eriksdotter |
f. 1758, Haraldstad i Lindesnes |
far: 234. Erik Torsson |
| d. 1835, Steinsland i Lyngdal |
mor: 235. Kirsten Nilsdotter |
|
| Arian kom frå Steinsland i Lyngdal, medan Oline kom frå Haraldstad i Lindesnes. Arian og Oline gifta seg i 1784. Dei budde på Steinsland. Arian åtte jord der som han hadde overteke etter faren. Ved folketeljinga i 1801 er han kalla "gebræklig". Dei hadde då fire barn hos seg: Tobias, Eilert, Kirstine og Arian. Oline døydde i 1835. Arian gifta seg igjen det same året med Birte Marie Nilsdotter. Ho var fødd i 1783 og kom frå Træland/Ramsland i Lyngdal. Ho var enkje etter Ansten Tollaksen Vieland i Lyngdal. Arian og Birte budde på Steinsland. Han selde jorda til sonen Eilert i 1822. Arian døydde i 1842, Birte i 1855. |
g. 1784: Arian Tollaksson og Oline Eriksdotter Barn: 1785: Mette Kirstine 1786: Kirstine 1788: Tobias 1792: Eilert Kristian 1795: Kirstine 1798: Arian Tønnes 1803: Maren Gulene (el Magdalene) g. 1835: Arian Tollaksson og Birte Marie Nilsdotter Ingen barn saman. |
Mette Kirstine døydde truleg lita. Den første Kirstine døydde truleg lita. Tobias levde i 1801. Eilert Den andre Kirstine døydde ugift i 1817. Arian døydde i 1806. Det er mogleg at Maren vart gift i 1831 med enkjemann Bernt Nilsson Gitlevåg. Eg forstår bygdeboka slik at Maren Gulene er namnet ved dåpen, og at den som gifta seg i 1831 var kalla Magdalene. |
| Tipptipptippoldeforeldre XXVIII på Åpåse i Marnardal | ||
| 118. Reier Olsson |
f. 1751, Åpåse i Marnardal |
far: 236. Ole Olsson |
| d. 1810, Åpåse i Marnardal |
mor: 237. Siri Omundsdotter | |
| 119. Birte Toruvsdotter |
f. ca. 1770, Hesså i Marnardal |
far: 238. Toruv Olsson |
| d. 1826-04-22, Åpåse i Marnardal |
mor: 239. Todne Vrålsdotter |
|
| Reier var frå Åpåse i Marnardal, Birte frå Hesså i Marnardal. Reier og Birte var gardfolk på Åpåse, sjølveigande om eg forstår bygdeboka rett. Reier overtok garden etter broren Ole i 1784. Ved folketeljinga i 1801 hadde dei éi dotter, Siri. Reier døydde i 1810, og garden gjekk vidare til sonen Ole. Jordegodset vart verdsett til 1200 riksdalar. Av lausøyret kan nemnast to bøker, kakkelomn, fem kyr og 20 sauer. Birte levde til 1826. |
g. ?: Reier Olsson og Birte Toruvsdotter Barn: ca. 1795: Siri 1803: Todne ca. 1806: Ole ca. 1809: Ole |
Siri levde ved skiftet etter faren i 1810. Todne Ole? Det levde to søner med det namnet ved skiftet etter faren i 1810. Det er uklart kva for ein Ole som overtok garden, sjølv om det er mest truleg at det var den eldste. Denne vart gift med Targjer Reiersdotter. Barn: Kristi (f. 1833), Reier (f. 1837), Ingrid (f. 1845), Reinert (f. 1855). |