| Tippoldeforeldre VIII på
Selør i Lyngdal |
||
| 30.
Teis
Gabriel Reinertsson |
f. 1838-07-03,
Mønestad i Lindesnes |
far: 60. Reinert Tobias Tønnesson |
| d. 1905-07-28, Ytre Revøy i Lyngdal |
mor: 61. Oline Eilertsdotter | |
| 31. Anne Severine
Jansdotter |
f. 1839-11-28, Selør i Lyngdal |
far: 62. Jan Gabriel Sakariasson |
| d. 1930-06-12, Ytre Revøy i Lyngdal |
mor: 63. Tonette Kolbeinsdotter |
|
| Teis var
fødd på Mønestad. Han voks opp hos
foreldra og var den eldste i ein stor syskenflokk. Anne Severine var fødd på Selør, i hamna på Austre Selør. Ho voks opp hos foreldra og var eldst av syskena. Faren drukna i 1847. Teis og Anne Severine gifta seg i 1865. Forlovarar var Karl Tobias Jansson Selør (bror hennar) og Lars Kristian Nilsson Lastad. Ved folketeljinga i 1865 var dei nygifte og budde på Selør. Han var skriven som matros. Dei hadde ikkje jord, men heldt ei ku. Ved teljinga i 1875 er han skriven som strandsitjar og sjømann. Då hadde dei ikkje dyr. I 1882, etter at det siste barnet var født, flytta familien til Ytre Revøy (Øyna). Teis kjøpte bruk nr. 3 der for 500 kroner. Ved folketeljinga i 1900 budde dei der med den yngste dottera, Edvardine (Dina). Dei dyrka jorda (korn el. potet) og hadde "Kreatur" og "Fjærkre". Teis døydde 28. juli 1905. Ei tid budde dottera Teresia med familien sin hos Anne Severine, og det same gjorde Dina og familien. Ved folketeljinga i 1910 budde Severine hos dottera Teresia og familien på Ytre Revøy. Anne Severine selde bruket for 6750 kroner i 1921. På slutten av livet budde ho hos dottera Teresia i Korshamn. Der døydde ho 12. juni 1930. Huset på Øyna vart kjøpt av Teresia sin son Trygve ca. 1932, og han og familien busette seg der. |
g. 1865-10-05: Teis
Reinertsson og Anne Severine Jansdotter. Barn: 1869-05-30: Josefine Teresia 1872-01-03: Regine Oline 1875-03-15: Tobine Amalie 1878-11-16: Edvardine 1882-08-19: Tobine Edvardine |
Teresia Regine vart gift i 1895 med Sakarias Karlsson frå Selør. Dei budde på Ytre Revøy og hadde seks barn. Sakarias var sjømann og hadde sin eigen kuttar som han gjekk i fraktefart med. Ved folketeljinga i 1910 budde dei på Ytre Revøy som eigande gardbrukarar og fiskarar. Dei hadde då hos seg barna Kornelia (1896), Sverre (1899), Antonia (1902), Rikka (1905) og Torgerda (1907). I same hus budde Regine si mormor Tonette hos svigerdottera Gurine (enkje etter Karl Jansson). På 1930-talet flytta Sakarias og Regine inn til Korshamn. Regine døydde i 1942. Tobine døydde i 1881 av difteri. Den første Edvardine døydde òg i 1881 av difteri. Edvardine (Dina) vart gift i 1907 med Eugen Hjalmar Larsen frå Kristiania. Dei budde ei tid på Ytre Revøy hos mor hennar, flytta så til Kristiania (Karlstadgaten 6), og i 1910 til USA. Eugen(e) var fyrvaktar, og dei budde fleire stader, men lengst på Sankaty fyr på Nantucket Island i Massachusetts. Dina døydde på Nantucket i 1966. |
| Tipptippoldeforeldre XV på
Mønestad i Lindesnes |
||
| 60. Reinert Tobias
Tønnesson |
f. 1807, Mønestad i Lindesnes |
far: 120. Tønnes Olsson |
| d. 1889, Mønestad i Lindesnes |
mor: 121. Gunnhild Hoskuldsdotter | |
| 61. Oline
Eilertsdotter |
f. 1817, Jåsund (Bulega) i Lyngdal |
far: 58. Eilert Kristian Ariansson |
| d. 1902, Fjellskår i Lindesnes |
mor: 123. Rakel Johannesdotter |
|
| Ved folketeljinga i 1865 budde Reinert og Olene på Mønestad. Dei var gardbrukarar og sjølveigarar. Dei hadde to storfe og fem sauer. Dei hadde sådd 1/4 tønne bygg og 1 tønne havre og sett 2 tønner poteter. Hos seg hadde dei barna Reinert, Eilert, Karoline og Olene. | g. 1837: Reinert Tønnesson og Oline Eilertsdotter Barn: 1838: Teis Gabriel 1840: Eilert Tobias 1842: Rakel Tomine 1844: Gurine 1846: Osea 1848: Elisabet 1850: Amalie 1852: Reinert Olaus 1854: Eilert Tobias 1857: Karoline 1861: Oline Jørgine |
Teis Den første Eilert døydde i 1841. Rakel vart gift med Villum Olaus Villumson, sjømann, i 1865. Dei budde saman med foreldra hennar på Mønestad ved folketeljinga same året. Gurine var truleg ugift tenestejente på Njerve (Spangereid) i 1865. Ho gifta seg i 1870 med Karl Jansson (sjå tipptippoldeforeldre XVI). I 1900 var ho enkje på Ytre Revøy; ho hadde sonen Reinert (f. 1878). Mora Tonette budde hos henne. Osea finn eg ikkje i 1865. Elisabet? Amalie var truleg tenestejente på Trolleskei i 1865. Reinert budde hos foreldra i 1865. Han vart gift i 1881 med Anne Oline Abrahamsdotter Haraldstad. Han var då sjømann. Den andre Eilert budde hos foreldra i 1865. Karoline budde hos foreldra i 1865. Ho døydde ugift i 1883. Oline budde hos foreldra i 1865. |
| Tipptippoldeforeldre XVI på
Selør i Lyngdal |
||
| 62. Jan Gabriel
Sakariasson |
f. 1817, Selør i Lyngdal |
far: 124. Sakarias Jansson |
| d. 1847, Selør i Lyngdal |
mor: 125. Anne Serine Kristiansdotter | |
| 63. Tonette
Kolbeinsdotter |
f. 1817, Selør i Lyngdal |
far: 126. Kolbein Tjøstelsson |
| d. 1913, Ytre Revøy i Lyngdal |
mor: 127. Torborg Finkelsdotter |
|
| Jan Gabriel vart konfirmert i 1831. Jan Gabriel og Tonette gifta seg i 1839. (Namnet Tonette står då i parentes etter Torborg.) Jan Gabriel var reservelos. Han drukna i ei kollsegling i 1847. Ved folketeljinga i 1865 var Tonette strandsitjar med jord på Selør. Hos henne budde sønene Karl og Sakarias, begge matrosar. Dei hadde tre storfe og fire sauer. Ved folketeljinga i 1910 budde Tonette som enkje på Ytre Revøy saman med ei anna enkje, Gurine Jansen (dottera?). Dei budde i same huset som dotterdottera Regine Teisdotter og hennar mann Sakarias Karlsson. |
g. 1839: Jan Gabriel Sakariasson og Tonette Kolbeinsdotter barn: 1839: Anne Severine (nr. 31) 1842: Karl Tobias 1844: Sakarias |
Karl
Tobias var matros busett hos mora på Selør i 1865. Han gifta seg
i 1870 med Gurine Reinertsdotter (sjå tipptippoldeforeldre XV). I
1900 var Gurine enkje på Ytre Revøy; ho hadde sonen
Reinert (f. 1878). Mora Tonette budde hos henne. Sakarias var matros busett hos mora på Selør i 1865. Han drukna då han var med ein los på sjøen i 1871. Ugift. |
| Tipptipptippoldeforeldre XXIX på Mønestad i Lindesnes |
||
| 120. Tønnes Olsson |
f. 1766, Mønestad i Lindesnes |
far: 240. Ole Reiersson |
| d. 1826, Mønestad i Lindesnes |
mor: 241. Ranni Stenersdotter | |
| 121. Gunnhild Hoskuldsdotter |
f. 1760, Jørgenstad i Lindesnes |
far: 242. Hoskuld Gunnuvsson |
| d. etter 1815 |
mor: 243. Anne Olsdotter |
|
| Ved folketeljinga i 1801 var
Tønnes og Gunnhild bønder på Mønestad. Hos
seg hadde dei sønene Hans og Arian. Tønnes døydde 13. desember 1826. Eg har ikkje funne dødsfallet til Gunnhild. Ho var fadder på eit barn i 1815, så ho levde då. |
g. 1786: Tønnes Olsson og Gunnhild Hoskuldsdotter Barn: 1787: Rakel 1788: Anne Marie 1791: Hans 1793: Arian 1797: Reinert 1797: Ole (tvilling) 1802: Ole 1807: Reinert Tobias |
Rakel døydde i 1787. Anne Marie døydde nok i 1792, berre omtalt som "Tønnes Mønnestads datter 4 aar". Hans var hos foreldra i 1801. Han gifta seg med Sara Jonsdotter Mønestad i 1815. Arian var hos foreldra i 1801. Han gifta seg med Sille Katrine Tollisdotter Nedre Ballestad i 1816. Dei busette seg på Udsmog, nabogarden til Ballestad, men budde på Jørgenstad i 1817 og på Ballestad i periodar. Barn: Gjertrud Guline (1817), Daniel Tobias (1820), Tolli (1823), Ole Andreas (1825), Olene (1827), Gunhild Tonette (1830), Abraham Sakarias (1833), Anne Katrine (1836). Arian døydde i 1855. Ved folketeljinga i 1865 budde Sille og dottera Olene på Udsmog. Sille døydde i 1872. Tvillingane Reinert og Ole døydde i 1797. Den andre Ole døydde i 1821. Reinert Tobias |
| Tipptipptippoldeforeldre XXXI på Selør i Lyngdal | ||
| 124. Sakarias Jansson |
f. 1789, Lindesnes i Lindesnes |
far: 248. Jan Gabriel Olsson |
| d. 1821, Selør i Lyngdal |
mor: 249. Agnete Torbjørnsdotter | |
| 125. Anne Serine Kristiansdotter |
f. 1783, Selør i Lyngdal |
far: 250. Kristian Tjøstelsson |
| d. 1861, Selør i Lyngdal |
mor: 251. Birte Gunnarsdotter |
|
| Sakarias var òg kalla
Jan-Gabrielsson. Han var fødd medan foreldra budde på
Lindesnes fyr. Familien flytta til Selør mellom 1794 og 1798.
Ved folketeljinga i 1801 budde han hos foreldra på Selør. Anne Serine budde òg på Selør hos foreldra sine i 1801. Sakarias og Anne Serine budde på Østre Selør (hamna). Frå bygdeboka (Austad I: 76): "I 1815 fikk Sakarias bygselbrev på hustomta i Selør fra grunneierne Karl Eilefsen og Finkel Finkelsen. [...] Grunnleien skulle være 2 rbdl. årlig. Sakarias Jan-Gabrielsen var strandsitter og los. Han ble borte på sjøen i åpen båt sammen med to andre loser fra Selør en aprildag i 1821." (Jf. nedanfor om Kolbein Tjøstelsson.) |
g. 1815: Sakarias Jansson og Anne Serine Kristiansdotter 1817: Jan Gabriel 1818: Kristian 1820: Agnete |
Kristian
vart gift med Anne Tomine Fredriksdotter Våge (Spangereid) i
1844. Dei busette seg på Selør. Kristian var los og drukna
i 1848. Barn: Sakarias (1845), Fredrik (1847), Kristian Tobias (1849). Agnete? |
| Tipptipptippoldeforeldre XXXII på Selør i Lyngdal | ||
| 126. Kolbein Tjøstelsson |
f. 1774, Selør i Lyngdal |
far: 252. Tjøstel Kolbeinsson |
| d. 1821, Selør i Lyngdal |
mor: 253. Anne Olsdotter | |
| 127. Torborg Finkelsdotter |
f. ca. 1775, Selør i Lyngdal |
far: 254. Finkel Torjesson |
| d. 1849, Selør i Lyngdal |
mor: 255. Else Marie Bentsdotter |
|
| Ved folketeljinga i 1801 budde Kolbein hos mora, som sat som enkje på Selør. Han reiste til sjøs. Torborg budde òg på Selør hos foreldra sine i 1801. Kolbein og Torborg gifta seg i 1805. Dei busette seg på Selør; Kolbein var fast los og strandsitjar. Han kom vekk på sjøen saman med to andre losar i 1821; jf. ovanfor om Sakarias Jansson. |
1808: Else Marie 1808: Bent Andreas 1809: Else Marie 1811: Karl Tobias 1817: Tonette 1820: Fredrikke |
Den første Else Marie døydde nok lita. Bent Andreas døydde i 1808. Den andre Else Marie? Karl Tobias gifta seg med Ingeborg Knutsdotter Selør i 1846. Han drukna ved ei kollsegling mellom Korshamn og Selør i 1847. Ingen barn. Fredrikke døydde i 1826. |