| 128. Bjørn Jensson (Klingenberg), f.ca. 1695 d. 1766 | 129. Maren Sørensdotter (Brun), f. ca. 1695 d. 1769 | 256. Jens Kristensson (Klingenberg), f. ca. 1632/38, d. etter 1717 | 257. | 512. Kristen Jensson, f. ca. 1606 d. 1653 | 513. Dorte Kaspersdotter, d. etter 1668 | 1024.
Jens Mauritsson, d. ca. 1636. Frå Viborg i Danmark. Kapellan
i
Askvoll frå 1598, sokneprest frå 1627 og om lag
samstundes
prost i Sunnfjord prosti.. Som kapellan iallfall delvis busett
på
Sør-Eimind i Askvoll, som sokneprest vel på
Askvoll
prestegard. Etter nr. 1025 g. m. Anne Kristensdotter, som enkje busett
på Sør-Eimind til ca. 1660. Dei hadde sonen
Maurits,
gjestgjevar i Ulvik i Øn, seinare på
Storøya i
Flora. 1025. Kristine Hansdotter, d. ml. 1606 og 1610?. Kristine hadde før nr. 1024 vore gift med ein Kasper. Sonen Hans Kaspersson var sorenskrivar i Østre Mandal (Flekkerø?) frå 1640 til 1646. |
| Bjørn
var frå Indre Reksta. Kor Maren var frå, er ukjent,
men det
budde ei Elen Sørensdotter Brun på Kinn samtidig,
og det
må vel vere systera. (Det var skifte etter Elen i 1756.
Enkjemannen heitte Hans Trane. Men først hadde ho vore gift
med
Lars Bloch, og hadde med han to søner i London og Indonesia
og
ei dotter i København.) Bjørn var klokkar. Indre Reksta i Flora Ved skiftet etter Bjørn i 1766 var arvingane enkja Maren og (1) avlidne Jens Bjørnsson sine barn (a) Jørgen Jensson, (b) Hans Henrik Jensson, (c) Frans Jensson, (2) Tomas Bjørnsson, klokkar, (3) Absalon Bjørnsson, 27 år, til sjøs, (4) Bente Marie Bjørnsdotter, 32 år, (5) Dorte Margrete Bjørnsdotter, 30 år, (6) Mette Bjørnsdotter, g.m. Klaus Henrik Prater i Amsterdam. Sonen Jens vart gift med Susanne Olsdotter i 1742. Han var klokkar før broren Tomas og var brukar av ei jord på Indre Reksta frå 1744 til han døydde. |
Jens var presteson frå Askvoll. Han overtok eit bruk på Olset i Askvoll etter mora i 1668, men allereie året etter var der ein ny brukar. Jens klokkar var brukar av ei jord på Indre Reksta i Flora i 1679. I 1683 er det sagt at han var gift med Sofie Torsteinsdotter. I 1687 og 1691 er han nemnd som enkjemann I åra rundt 1700 bad futen om at klokkaren måtte sleppe skatt, sidan han var så fattig og hadde åtte barn og kone. 1711: Klokkaren var ein gammal fattig mann som levde med hustru og barn i ei røykstue. Så seint som 1717 var Jens brukar på Indre Reksta. I 1720 hadde sønene Mattis og Bjørn kvar sin halvdel av det faren hadde hatt. Kjende barn: ca. 1670? Kristen ca. 1673: Kasper (siglde utanlands i 1701) ca. 1689?? Mattis (må vere fødd tidlegare eller seinare, for Jens var enkjemann då) ca. 1694: Bjørn ca. 1696: Albrikt 1698: Absalon 1701: Kasper Kristen Jensson, vart gift med Brite Klemetsdotter frå Bergen i 1792. Han vart dømd for leiermål i med Ales Øysteinsdotter frå Brandsøya i 1793. Kristen var reist sin veg, og retten kverrsette halve buet hans, som ikkje var mykje (Flora-soga s. 341). Mattis Jensson fekk barn med Marte Andersdotter i 1705. Kasper Jensson (d.y.?) hadde gjort leiermål med Gunnhild Olsdotter Reksta. Han siglde ute og var ikkje å få tak i. |
Kristen
var presteson frå Askvoll. Han fekk utdanning i Bergen (vel
katedralskulen) og ved universitetet i København,
immatrikulert
der 16. april 1627. Kristen og Dorte gifta seg truleg ca. 1631. Han vart sokneprest i Askvoll etter faren 12. mars. 1636. Før det hadde han truleg vore kapellan der. Ein gong vart Kristen klaga for å ha forsømt kyrkjetenesta pga. drukkenskap og for slagsmål. Det vart ikkje prova, men han fekk ei åtvaring frå kapittelet (jf. Joleik, Soga om Sunnfjord, bd. 1 s. 165). Kristen er godt kjend i den norske språkhistoria som den første som fekk trykt ei norsk ordbok. Den norske Dictionarium eller Glosebog vart utgjeven i København i 1646 og er ei viktig kjelde til norsk språk i dansketida. Boka inneheld mange hundre norske ord og uttrykk med forklaringar på dansk. I boka er namnet hans skrive Christen Jenssøn. Ifølgje skattematrikkelen frå 1647 åtte Kristen ei jord sett til 2 pund smør og 1/2 hud på Takle i Gulen og éi sett til 2 1/2 pund smør på Tjønneland i Førde. Kristen drukna på veg til (frå) Vilnes kyrkje i 1653. Han skal ha vorte funnen saman med eit par av rorskarane og gravlagd i Askvoll. I 1953 fann ein ein minnestein med bokstavane CJSA ved kyrkja der. Dette er tolka som "Christen Jens Søn Askevold". Steinen er no reist ved kyrkja. Som enkje budde Dorte på Olset i Askvoll frå 1654 til 1668. Ho overlèt bruket til sonen Jens. I tillegg til Jens (nr. 256) hadde dei sonen Kasper Kristensson Kling el. Klingenberg, som vart kapella i Askvoll og seinare sokneprest i Kinn. ("Clindius" ved skulen i Bergen.) |
||||
| 514. | 515. | |||||
| 258. Søren ?? (Brun) | 259. | 516. | 517. | |||
| 518. | 519. | |||||
| 132. Bendik Pedersson f. ca. 1724, d.
1784 |
133. Synnøve ?? |
264.
Anders ?? |
||||
| Opphavet til Bendik og Synnøve
er ukjent. Dei må ha gifta seg rundt 1745 eller litt seinare. Dei budde i Lia i Gaular, på bruket Øvrelia. Der var Bendik brukar frå 1748 til 1761. I det såkalla sjeleregisteret frå 1758 skriv presten at Bendik hadde vore uordentleg og gjort "leiermål" (hor), men at han no levde skikkeleg. Noko kom vel av at Synnøve var sengeliggjande. Bendik døydde i Lia i 1784. Barna til Bendik og Synnøve: Anders, Ole (f. ca. 1752), Pernille (f. ca. 1754, g. 1.i 1789 m. Ole Tønnesson Lia, 2. i 1804 m. Aksel Madsson Lia, d. 1805 i Lia), Marte (f. ca. 1756), Magnhild (f. ca. 1758). |
||||||
| 134. Nils Andersson, f. ca. 1734 d. 1804 |
135. Anne Andersdotter, f. ca. 1736 d.
1800 |
|||||
| Opphavet
til Nils er ukjent, men Anne kom
frå Søre Fauske i Gaular. Dei må ha
gifta seg litt etter 1760. Dei budde på Søre
Fauske; Nils var brukar der frå 1760 til 1794 og hadde
overteke etter foreldra hennar. Anne døydde på
Søre Fauske i 1800. Ved folketeljinga i 1801 budde
enkjemannen
Nils på Søre Fauske hos sonen Johannes og familien
hans.
Nils
døydde på Søre Fauske i 1804. Barna til Nils og Anne: Anders (g. 1791 m. Brite Hansdotter Kårstad), Orlaug (f. og d. 1764), Johannes (f. 1766, g. 1788 m. Lovise Olsdotter, overtok bruket etter foreldra, d. 1816 på Søre Fauske), Orlaug, Simon (f. 1769, d. 1772), Simon (f. 1772, g. 1804 m. Gjertrud Akselsdotter Søre Fauske, bst. Søre Fauske, d. 1815), Massi (f. 1776), Anne (f. 1779). |
||||||
| 270.
Anders Olsson, d. 1760 |
540. Ole ?? | |||||
| Opphavet til Anders er ukjent. Han var
gift to gonger. Den første kona er ukjend, den andre heitte
Johanne Akselsdotter. Anders var brukar på Søre
Fauske i Gaular frå 1738 til 1760, då han
overlèt bruket til mannen til dottera Anne. Anders
døydde i 1760 på Søre Fauske. Om barna til Anders, sjå Bygdebok for Gaular, bd. 6a, s. 421–422. |
||||||
| 138. Gjert Torgeirsson |
139. Mette Ivarsdotter |
|||||
| Øvre Standalen i Flora | ||||||
| 142. Erik Arnesson f. ca. 1698 |
143. Anne Andersdotter |
284.
Arne Eriksson f. ca. 1660 |
||||
| Rabben (Svanøya) i Flora | Rabben Flora-soga s. 747 |
|||||
| 144. Johannes Arnesson, f. 1712 d. 1756 |
145. Mari Larsdotter, f. 1708 d. ml.
1758 og 1763 |
288.
Arne Andersson |
289.
Magnhild Olsdotter |
576.
Anders ?? f. ca. 1610 |
577.
?? ?? |
|
| Johannes var frå Høyvika i
Askvoll, Mari frå Follevåg i Askvoll. Johannes vart brukar av ei jord i Nedre Straumen i Askvoll i 1734, og same året gifta han og Mari seg. Johannes drukna i 1756. Barna til Johannes og Mari: Arne (f. 1735, g. 1759 m. Ales Olsdotter Myklebust, bst. Nedre Straumen d. 1763), Lars (tvilling m. Arne, f. 1735, d. 1756, drukna saman med faren), Mari (f. 1738, d. same året), Magnhild (f. 1739, g. 1762 m. Peder Arneson Hillersøy, bst. Musøya (under Kjempeneset) i Askvoll), Ole, Marie (f. 1746, g. m. Ole Andersson, bst. Olset i Askvoll, d. 1815), Agnald (f. 1750). Mari gifta seg igjen i 1758 med enkjemannen Ole Hansson. frå Underset i Askvoll. Dei budde i Nedre Straumen og var barnlause. Mari døydde før 1763, for då gifta Ole seg igjen med enkja Borgny Tollaksdotter frå Øvre Straumen. |
Arne kom frå Gjelsa i Askvoll,
Magnhild kanskje frå Tveit i Askvoll (tidl. Fjaler). Arne var først gift med Kari Lassesdotter frå Eimind i Askvoll (dotter av Lasse Ivarsson og Anne Olsdotter). Dei budde i Høyvika i Askvoll og var barnlause. Det var skifte etter Kari i 1691. Arne og Magnhild budde i Høyvika. Om barna til Arne og Magnhild, sjå Askvoll bygdebok, Folket IIB, s. 563. |
Anders var brukar på Gjelsa i Askvoll
frå 1641 til 1683. Om barna til han og den ukjende kona, sjå Askvoll bygdebok, Folket IIB, s. 740. |
||||
| 578.
Ole Arnesson d. ca. 1697 |
579.
?? ?? |
|||||
| Ole
var brukar på Tveit i Askvoll (tidl. Fjaler) frå
1672.
Namnet på den første kona (nr. 579) er ukjent. Den
andre
kona heitte Agate Johansdotter og levde ved skiftet etter Ole i 1697. |
||||||
| 290.
Lars Andersson, f. ? d. 1729 |
291.
Mari Arnoldsdotter |
580. Anders ?? | 581. Kari Bjørnsdotter | |||
| Lars kom frå Follevågen i
Askvoll, Mari frå Fristad i Askvoll. Lars var brukar av ei jord i Follevågen frå 1688. Om barna til Lars og Mari, sjå Askvoll bygdebok, Folket IIA, s. 181. |
Bygdeboka
for Askvoll (Folket IIA s. 181) seier at Anders var brukar på
"Halse" frå 1674 til 1687. Eg er usikker på kva
stad dette
er, om det kan vere Halsøya i Askvoll. Kari sitt opphav er
ukjent. Anders og Kari budde i alle høve i ein periode i Follevågen i Askvoll; det er der bygdeboka fører dei opp. Om barna til Anders og Kari, sjå Askvoll bygdebok (Folket IIA s. 181). Etter at Anders var død, gifta Kari seg igjen med Arnold Alvsson på Fristad i Askvoll (nr. 582). Dei hadde ikkje barn saman. |
|||||
| 582. Arnold Alvsson, f. ca. 1622 d. ca. 1694 | 583. N. Johannesdotter | |||||
| Opphavet
til Arnold er ukjent, kona kom frå Fristad i Askvoll.
(Bygdeboka
for Askvoll (Folket IIA s. 321) kallar henne berre for N.) Arnold var brukar av ei jord på Fristad frå 1652 til 1692. Om barna til Arnold og N., sjå Askvoll bygdebok (Folket IIA, s. 321). Etter at N. var død, gifta Arnold seg igjen med Kari Bjørnsdotter (nr. 581), som hadde vore gift i Follevågen i Askvoll. Dei hadde ikkje barn saman. |
1166.
Johannes Mikkelsson, brukar på Stang i Askvoll frå
1626 til
1640, på Fristad i Askvoll frå 1641 til 1655,
deretter
enkja. 1167. ?? ??, brukar på Fristad i Askvoll etter mannen frå 1656 til 1660. |
|||||
| 146. Egidius Johannesson, f. 1721 d.
1751 |
147. Borgny Pedersdotter, f. 1724 |
292.
Johannes Jensson, f. ca. 1688 d. 1753 |
293.
Brite Egidiusdotter d. ml. 1732 og 1735 |
584.
Jens ?? |
||
| Egidius (eller Idus eller liknande) var
frå Røyset i Askvoll. Borgny kom frå
Nedre Straumen i Askvoll. Egidius og Borgny gifta seg i 1746. Han var brukar av ei jord i Nedre Straumen frå året etter. Egidius vart spedalsk og døydde i 1751. Barna til Egidius og Borgny: Helene, Elling (f. 1748, g. 1776 m. Margrete Jakobsdotter Nyttingnes (i Flora?) / Gjelsa i Askvoll, bst. Gjelsa, kona d. før 1800, Elling i Bergen i 1801). Borgny gifta seg igjen i 1758 med Lasse Øysteinsson frå Tyssekvam i Fjaler, son av Øystein Eilivsson. Dei busette seg på Tyssekvam. Barn: Øystein, Eli (g. m. Ole Tyssedal), Marte, Marie. |
Johannes
var frå Høyvika i Flora, Brite frå
Røyset i
Askvoll. Johannes var brukar av ei jord på Røyset
frå 1712 til 1753. Johannes og Brite gifta seg i 1717. Dei hadde mange barn saman, det siste i 1732. Om barna til Johannes og Brite, sjå Askvoll bygdebok (Folket IIA s. 210). Johannes gifta seg igjen i 1735 med Pernille Ellingsdotter frå Smelværet, dotter av Elling Knutsson og Elisabet Pedersdotter. Johannes og Pernille budde òg på Røyset. Johannes døydde i 1753, Pernille i 1763. Om barna til Johannes og Pernille, sjå Askvoll bygdebok (Folket IIA s. 210). |
|||||
| 586.
Egidius Olsson, f. ca. 1655 |
587.
Guri Lassesdotter, f. ca. 1654 d. 1727 |
1172.
Ole Haldorsson, brukar på Ask i Askvoll frå 1662
til 1673 1173. Anne Sevatsdotter, før nr. 1172 g. m. Tomas Tomasson på Ask (nr. 2348) og Egidius Ivarsson, brukar på Ask frå 1608 til 1660 2346. Sevat, Øvre Askvoll 34 |
||||
| Både Egidius og Guri var
frå Ask i Askvoll. Guri var først gift med enkjemannen Peder Gjertsson (som hadde vore gift med Randi Olsdotter Fristad). Dei budde på Røyset i Askvoll. Det var skifte etter Peder i 1686. Om barna til Peder og Guri, sjå Askvoll bygdebok (Folket IIA s. 209). Egidius og Guri gifta seg ein gong rundt 1690. Dei budde òg på Røyset. Om barna til Egidius og Guri, sjå Askvoll bygdebok (Folket IIA s. 209). |
1174. Lasse
Tomasson, f. ca. 1644, d. 1710, busett på Ask i Askvoll 2348. Tomas Tomasson, husmann på Ask i Askvoll, d. ein gong rundt 1750 2349 = 1173 |
|||||
| 294.
Peder Pedersson, f. 1693, d. 1749 |
295.
Marte Olsdotter, f. ca. 1700, d. 1741 |
588. Peder Ivarsson | 589. Anne?? Pedersdotter | 1176.
Ivar Olsson Engebøen i Askvoll (tidl. Fjaler),
brukar
frå 1645 til 1683. Ved feteljing i 1657 hadde Ivar hest, 11
storfe, ni geiter og ni sauer. 1177. Synnøve Bottelsdotter, d. ca. 1685 2352. Ole, brukar på Engebøen frå 1626 til 1666. Ved feteljing i 1657 hadde Ole 15 storfe, 18 geiter og 18 sauer. |
||
| Peder var frå Nedre Straumen i
Askvoll, Marte frå Vagstad i Askvoll (inntil nyleg i Fjaler).
Peder var brukar av ei jord i Nedre Straumen frå 1711. Han var først gift i 1715 med Borgny Olsdotter, dotter av Ole Antonsson og Mari Olsdotter Øvre Straumen. Borgny døydde i 1720. Om barna til Peder og Borgny, sjå Askvoll bygdebok (Folket IIA s. 346). Peder og Marte gifta seg i 1722. Dei budde framleis i Nedre Straumen. Marte døydde i 1741, Peder i 1749. Om barna til Peder og Marte, sjå Askvoll bygdebok (Folket IIA s. 346). |
Peder
kom frå Engebøen i Askvoll (tidl. Fjaler), kona
frå
Nedre Straumen i Askvoll. Ifølgje bygdeboka var ho dotter av
Peder Pedersson, men namnet er uvisst. Peder var brukar av ei jord i Nedre Straumen frå 1686. Han var først gift med Pedersdottera, deretter med ei Brite Isaksdotter, som døydde i 1733. Om barna til Peder i dei to ekteskapa, sjå Askvoll bygdebok (Folket IIA s. 345). |
1178.
Peder Pedersson, f. ca. 1624, brukar i Nedre Straumen i Askvoll
frå 1641 til 1679 og igjen frå 1683 til 1692. Etter
nr.
1179 g.m. Dorte Håkonsdotter, d. 1711. 1179. N. Øysteinsdotter 2356. Peder Sjursson, brukar i Nedre Straumen i Askvoll frå 1598 til 1641. Lensmann frå 1626 til 1641. 2358. Øystein Olsson, brukar i Øvre Straumen i Askvoll frå 1617 til 1638. 2539. Rangele (Ragnhild?) Hansdotter. Før nr. 2358 g. m. Herlov i Straumen i Askvoll. 4712. Sjur Erlandsson, brukar i Nedre Straumen i Askvoll frå 1563 til 1597. Askvoll bygdebok (Folket IIA s. 343) nemner ein hekseprosess i 1576. |
||||
| 590. Ole Tollaksson | 591. Mari Eriksdotter | |||||
| Ole kom frå Rakneberg (kor?),
Mari frå Rivedal. Mari var først gift med Tollak Kristoffersson. Dei budde på Vagstad i Askvoll (tidl. Fjaler). Det var skifte etter Tollak i 1691. Ole og Mari budde òg på Vagstad. Ole vart lensmann og brukar på Vagstad fram til 1734. |
1182. Erik Jonsson, Rivedal | |||||
| 150. Mons Olsson |
151. Anne Monsdotter |
300 = 130. Ole Monsson | 301 = 131. Brite Madsdotter | |||
| Naustdal i Naustdal | ||||||
| 152. Gunnar Danielsson |
153. Anne Tuesdotter |
|||||
| Hovland i Flora Gunnar hadde broren Ole på Midtbøen, s. 570 |
||||||
| 154. Ole Absalonsson |
155. Marie Olsdotter |
|||||
| Lykkjebøen i Flora Ytre Vasset i 1801. |
||||||
| 170. Pål Larsson f. ca. 1730, d. 1798 |
171. Dorte Olsdotter, d. ca. 1796 |
340.
Lars Pålsson, f. ca. 1707 d. 1750 |
341.
Helga Larsdotter, f. ca. 1703 d. 1776 |
680.
Pål Sjursson f. ca. 1641 |
681.
Sissel Larsdotter d. ca. 1755 |
|
| Pål og Dorte gifte i 1753,
forlovarar: Bendik Kinn og Jon Skorpa Skorpeeidet i Flora Det var skifte etter Dorte på Skorpeidet i 1796. Arvingar var enkjemannen Pål Larsson og barna deira: Lars, Jens, Frans, Ole (alle myndige), Lise (g.m. Lars Johannesson Skorpa), Gjertrud (g.m. Morten Krispinusson Skorpa), Brite (22 år, verje: Erik Andersson Dumba). |
Helga
var først gift med Hans Andersson (frå
Havikebotnen i
Flora, son av Anders Olsson og Marte Jakobsdotter). Dei budde
på
Flora. Ved skiftet etter Hans i 1729 var arvingane enkja og desse felles barna: Anders d.e., Anders d.y., Brite, Johanne. Éin av sønene døydde på Skorpa i 1750, då var den andre død, men systrene levde. Lars og Helga gifta seg i 1730. Dei busette seg på Skorpa i Flora. Helga vart sinnssjuk og tok livet av Lars i 1750. Det vart rettssak, og ho vart dømd til livsvarig forvaring hos familien. Ho slapp å late livet fordi ho var sinssjuk. Ho døydde på Skorpa i 1776 Barna til Lars og Helga: ca. 1730: Pål (nr. 170) ca. 1733: Gjertrud ca. 1734: Søren ca. 1740: Sissel ca. 1744: Karsten ca. 1747: Karen (Kari) Ved skiftet i 1789 etter Brite Larsdotter på Skorpa i Flora var arvingane enkjemannen Lars Andersson og syskena hennar. Helga Larsdotter var død og hadde etterlate seg: - Pål Larsson Skorpa - Søren Larsson Barekstad - Karsten Larsson Espeset - Sissel Larsdotter g.m. Elias Hovden - Kari Larsdotter g.m. Lars Klausson Hovden - Johanne Hansdotter g.m. Johannes Havikebotnen |
Pål og Sissel gifta seg i 1707.
Dei hadde éin son: Lars (nr. 340). Sissel vart gift igjen med Ole Kristoffersson Flora i. 1710. Det var skifte etter Sissel på Flora i 1755 til enkjemannen Ole og barna til den avlidne sonen Lars Pålsson Skorpa (dei same som ved skiftet etter han). |
||||
| 682. Lars ?? |
||||||
| Ved
skiftet i 1789 etter Brite Larsdotter på Skorpa i Flora
var
arvingane enkjemannen Lars Andersson og syskena hennar: - Anders Larsson, Vambaset i Gloppen - Søren Larsson, husmann i Havikebotnen i Flora - Lars Larsson Norddal, død, etterlate seg - - Anders Larsson i Bergen - - Gjert Larsson Solheim - - Johanne Larsdotter g.m. Ole Pusavik - - Lisbet Larsdotter g.m. Krispinus Ura - - Guri Larsdotter g.m. Rikard Olsson Barekstad - - Ales Larsdotter g.m. Anders Andersson Solheim - - Marte Larsdotter g.m. Anton Angen i Førde - - Agnete Larsdotter, gift i Bergen - Nils Larsson, død, etterlate seg - - Gjert Nilsson Haugen (Bjørkeflòten) i Naustdal - - Jørgen Nilsson Tonheimsli - - Anders Nilsson Eimhjellen - - Ales Nilsdotter, gift på Å i Hyen - - Lise Nilsdotter, enkje - Ragnhild Larsdotter, g.m. Tore Davik - Helga Larsdotter, død (nr. 341) - Ingeborg Larsdotter, død, etterlate seg - - Lars Lasseson på Sunnmøre - - Anne Lassesdotter gift på Sunnmøre - Siri Larsdotter, død, etterlate seg - - Aksel Larsson Stavøy - - Eli Larsdotter, enkje |
||||||
| 174. Nils Nilsson, f. 1743 d. 1798 |
175. Ingrid Kjellsdotter, f. 1747 d.
1792 |
348.
Nils Nilsson, f. 1715 d. 1788 |
349.
Ingebjørg Olsdotter, f. 1708 d. 1793 |
696.
Nils Olsson |
697.
Anne Larsdotter |
1392. Ole Pedersson, brukar på Store Høn i Voss i 1664. Etter ukjend nr. 1393 g. m. Marte Olsdotter. |
| Nils var frå Berge i Voss, Ingrid
frå Øvre Oppheim i Voss. Nils og Ingrid gifta seg i 1769. Dei budde på Berge i Voss. Ingrid døydde i 1792. Barna til Nils og Ingrid: Kjell (f. 1769, g. 1793 m. Ablu Gudleiksdotter frå Hommedal i Voss, bst. Bygd i Voss), Anders (f. og d. 1771), Anders (f. 1772, g. 1804 m. Magnhild Oddmundsdotter, flytta ut av Vossevangen), Ole (f. og d. 1775), Ole (f. 1776, g. 1804 m. Agate Olsdotter frå Nedre Oppheim i Voss, bst. Nedre Oppheim), Anne (f. 1779, d. 1780), Anne, Ingebjørg el. Ingeborg (f. 1783, g. 1815 m. Gjert Olsson frå Tyvågen i Flora, bst. Tyvågen), Nils (f. 1786, g. 1816 m. Anne Hermundsdotter Hest, bst. Rise i Bremanger). Nils gifta seg igjen i 1793 med Anne Vikingsdotter frå Kvamme i Voss, fødd 1763, dotter av (36h). Nils døydde i 1798. Anne gifta seg att i 1799 med Ole Brynjulvsson frå Ure i Voss. Dei budde på Berge. Anne levde til 1835. Barna til Nils og Anne: Viking (f. og d. 1794), Viking (f. 1795, g. 1824 m. Gjertrud Kolbeinsdotter frå Nesheim i Voss, bst. Berge, d. 1842), Knut (f. 1796, g. 1825 m. Guri Olsdotter frå Kvamme i Voss, bst. Berge), Ingrid (f. 1798, g. 1826 m. Kolbein Kolbeinsson frå Nesheim i Voss, bst. Grindeland i Voss). |
Nils kom frå Fletre i Voss, Ingebjørg frå Øvre Oppheim
i Voss. Nils og Ingebjørg gifta seg i 1736. Dei budde først på Sundsvoll (Voss?) til 1741, men flytta då til Berge i Voss. Nils døydde i 1788, Ingebjørg i 1793. Om barna til Nils og Ingebjørg, sjå Ættebok for Vossestrand (s. 372). |
Nils kom frå Store
Høn i Voss, Anne frå Dukstad i Voss. Nils var først gift med Ragnhild Knutsdotter. Nils og Anne gifta seg i 1711. Dei var busette på Fletre i Voss. Frå Vossaboki, bd. 2 s. 452-453: "Nils Olavson, g. 1. m. Ragnhild Knutsdr. 2. 1711 med Anna Larsdr. Dukstad, døydde 1723. Han var brukar frå fyre 1691 og åtte ved skifte i 1711 7 spann i Fletre, taksta 72 rd. 12 skill. Nettomidelen var 170 rd. Ni born med Ragnhild (a-i) og eitt med Anna (j): a. Arnbjørn, b. Olav f. 1692, c. Lars f. 1695, g. 1715 med Marta Gudleiksdr. Lirhus, reist til Nordland 1751, d. Knut f. 1700, g. 1725 med Hallkatla Larsdr. Gjukastein, e. Dønåt, gift, f. Barbrå, gift 1710 med Sverkve Torleivson Tvinno, g. Brita f. 1688, g. 1717 med Anders Person Løno, h. Gudve f. 1697, g. 1728 med Olav Knutson Midt-Skutle, i. Synneva f. 1704, g. 1726 med Steffa Andersson Øvre Uppheim, j. Nils f. 1715." Sonen Arnbjørn var neste brukar. |
1394. Lars Aslaksson bst. Dukstad (etter nr. 1395 g.m. Kari Knutsdotter) 1395. Marta Knutsdotter |
|||
| 698.
Ole Jonsson f. 1664 d. 1750 |
699.
Synnøve Larsdotter d. 1720 |
|||||
| Opphavet til Ole og Synnøve er
ukjent. Dei må ha gifta seg seinast 1699. Dei budde på Øvre Oppheim i Voss. Synnøve døydde i 1720. Om barna til Ole og Synnøve, sjå Ættebok for Vossestrand (s. 517–518). Ole gifta seg igjen med Guri Sjursdotter (f. 1693) ein gong mellom 1713 og 1723. Dei budde på Øvre Oppheim. Ole døydde i 1750, Guri i 1766. Om barna til Ole og Guri, sjå Ættebok for Vossestrand (s. 518). |
||||||
| 350.
Kjell Hermundsson f. 1695 d. 1764 |
351.
Anne Knutsdotter f. 1717 d. 1794 |
700. Hermund Jonsson f. 1641 | 701. Sigrid Bendiksdotter f. 1652 d. 1733 | |||
| Kjell kom frå Løn i
Voss, Anne frå Selje i Voss. Kjell var først gift i 1727 med Katla Olsdotter, f. 1688, opphavleg frå Grindeland i Voss, enkje etter Arne Kristoffersson Bidne (Sognetunet) i Voss. Kjellog Katla budde på Øvre Oppheim i Voss. Katla døydde i 1736. Om barna til Kjell og Katla, sjå Ættebok for Vossestrand (s. 518). Kjell og Anne gifta seg i 1737. Dei budde på Øvre Oppheim. Kjell døydde i 1764. Om barna til Kjell og Anne, sjå Ættebok for Vossestrand (s. 518). Anne gifta seg igjen i 1765 med Kolbein Knutsson frå Ytre Kvårmo i Voss, f. 1737. Dei budde på Øvre Oppheim. Kolbein døydde same året som dei gifta seg. Dei hadde ikkje barn saman. Anne gifta seg igjen i 1766 med Styrkår Kolbeinsson frå Nesheim i Voss. Dei budde på Øvre Oppheim. Dei hadde ikkje barn saman. Anne døydde i 1794, Styrkår i 1818. |
Hermund var frå Holstad i Vik, Sigrid
truleg frå Refsdal i Vik. Hermund og Sigrid må ha gifta seg seinast i 1689. Dei budde på Løn i Voss. Om barna til Hermund og Sigrid, sjå Ættebok for Vossestrand (s. 478). |
|||||
| 702. Knut Sjursson f. 1681 d. 1760 | 703. Brite Larsdotter f. 1683 d. 1760 | |||||
| Knut
var if. Ættebok for Vossestrand frå Grjotland i Voss, men
eg finn han ikkje under Grjotland i Vossaboki. Brite var frå
Vetletun i Voss. Knut var først gift i 1711 med Anne Pedersdotter. Ho var f. 1664 og kom opphavleg frå Bidne i Voss, men var enkje etter Viking Larsson på Selje i Voss. Knut og Anne budde på Selje. Dei hadde ikkje barn saman. Anne døydde i 1716. Knut og Brite gifta seg i 1716. Dei budde på Selje. Begge levde til 1760. Om barna til Knut og Brite, sjå Ættebok for Vossestrand (s. 170). |
1406.
Lars Haldorsson, Vetletun i Voss 1407. Kari Jakobsdotter d. 1645 2814. Jakob Sveinsson, brukar på Helgeland i Voss 1647–64, seinare på Finne (Voss?) |
|||||
| 180. Nils Olsson |
181. Gunnhild?? Olsdotter?? |
|||||
| Øvre Standalen i Flora |
||||||
| 184. Jan Simonsson, f. 1743 d.
før 1778 |
185. Anne Jonsdotter, f. ca. 1746, d.
1810 |
368.
Simon Eriksson, f. 1712 d. 1783 |
369.
Mari Jonsdotter |
736.
Erik Nilsson |
737.
Gunnhild Eliasdotter, f. ca. 1690, d. 1751 |
|
| Jan (eller Jon) var frå Kvammen i
Askvoll, Anne frå Grimset i Naustdal. Jan og Anne gifta seg om lag 1772. Dei var gardbrukarar i Kvammen. Ifølgje bygdeboka var han òg soldat. Han døydde før 1778, ho i 1810. Barna til Jan og Anne: Simon (f. 1772, g. 1804 m. Anne Karlsdotter frå Selvika i Askvoll, bst. Kvammen, d. 1838), Henrik, Mads (f. 1778, g. 1802 m. enkja Johanne Korneliusdotter, bst. Horne i Naustdal), Rognald (f. 1780, g. 1804 m. Hille Kassi Madsdotter frå Ytre Ålen i Askvoll, bst. Ytre Ålen, d. 1844), Rasmus (f. og d. 1782), Ole (f. 1787, g. 1810 m. Marte Lovise Abelsdotter frå Leknes i Askvoll, bst. Leknes, d. etter 1826), Abraham (f. 1790, d. 1792). |
Simon var frå Kvammen i
Askvoll. Opphavet til Mari er ukjent. Mari var først gift med Arne Nilsson, før 1737. Dei budde i Kvammen. Han døydde i 1741. Om barna til Arne og Mari, sjå Askvoll bygdebok (Folket III s. 70). Simon og Mari gifta seg i 1742. Dei var husmannsfolk i Kvammen. Simon døydde i 1783. Om barna til Arne og Mari, sjå Askvoll bygdebok (Folket III s. 70). |
Opphavet til Erik og Gunnhild er ukjent. Dei gifta seg seinast i 1712. Dei budde i Kvammen i Askvoll. Om barna til Arne og Mari, sjå Askvoll bygdebok (Folket III s. 69). |
||||
| 738.
Jon ?? |
||||||
| 370
= 330 |
371
= 331 |
|||||
| 186. Kornelius Eliasson |
187. Marte Andersdotter |
372.
Elias ?? |
||||
| Kornelius kom frå Apalset i Naustdal,
Marte frå Redalen i Naustdal. Kornelius og Marte gifta seg seinast 1770. Dei busette seg i Selvika i Askvoll. I bygdeboka står det at dei var leiglendingar; det vil vel seie at Kornelius bygsla jord. Barna til Kornelius og Marte: Synnøve, Elias (f. 1781, d. 1797 i Selvika). |
Apalset i Naustdal | |||||
| 374.
Anders ?? |
||||||
| Redalen i Naustdal | ||||||
| 190. Ole Simonsson, f. 1711 d. 1790 |
191. Kristi Andersdotter, f. ca. 1713
d. 1794 |
380.
Simon Olsson |
381.
Ragnhild?? Ivarsdotter?? |
|||
| Ole var frå Løvika i
Askvoll, Kristi frå Endestad (i Flora?). Dei gifta seg i 1739 og budde i Løvika i Askvoll. Han døydde i 1790, ho i 1794. Barna til Ole og Kristi: Simon (f. og d. 1739), Malene Katrine (f. 1740, d. 1824 i Løvika), Hans (f. 1742), Anders (f. 1745), Simon (f. 1747, g. 1787 m. Anne Sakariasdotter frå Vågane i Askvoll, bst. Løvika), Josef (f. 1749?, d. 1759), Helene, Eli (f. 1755), Karsten (f. 1755?, d. etter 1784). |
Løvika i Askvoll (21, III s. 32) | |||||
| 382.
Anders ?? |
||||||
| Endestad (i Flora?) Den mest aktuelle faren på Endestad er Anders Olsson, 30 år i 1701. |
||||||
| 192. Erik Monsson, f. ca. 1725 d. 1775 |
193. Dorte Hansdotter, f. 1731 d. 1783 |
|||||
| Opphavet
til Erik er ukjent. Dorte kom frå Liset i Bremanger (Liset
på Bremangerlandet, i motsetnad til Liset på
Frøya). Erik og Dorte gifta seg i 1752. Han var brukar av ei jord på Liset frå 1752 til han døydde i 1775. Denne jorda hadde farent til Dorte hatt før. Barn: Pål (f. 1752, d. 1762), Erik (f. 1754, d. 1765), Mons, Hans (f. 1759, d. 1763), Hans (levde i 1783), Pål (f. 1762, g. 1793 m. Oline Andersdotter frå Mulehamna i Bremanger, bst. Gulestøa i Bremanger, d. 1832 i Mulehamna), Jakob (f. 1764), Anders (f. 1765, g. 1802 m. Jannike Andersdotter, bst. Mulehamna, d. 1806), Ales (f. ca. 1766, d. 1766), Erik (f. 1767, d. 1768), Malene (f. 1769, d. 1838 på Ytrehus i Bremanger), Anne (f. ca. 1772, d. 1772). Dorte gifta seg igjen i 1777 med enkjemannen Peder Jørgensson (f. ca. 1743, tidl. g.m. Ales Monsdotter). Han hadde bruket etter Erik fram til 1782. Då flytta dei til Bremnes i Bremanger, der dei var husmannsfolk. Dorte døydde i 1783. Barn: Marte (f. 1778). Peder vart seinare brukar på Bremnes og gifta seg igjen med enkja Marte Andersdotter. Han drukna i 1791. |
||||||
| 386.
Hans
Eriksson, f. ca. 1700 d. 1763 |
387.
Guri
Nilsdotter, f. ca. 1702 d. 1763 |
772. Erik Knutsson, f. ca. 1683?? d. 1751 | 773. Magdeli Persdotter, f. ca. 1677 d. 1743 | 1544.
Knut
Eriksson, f. ca. 1619 d. 1705, brukar av ei jord på Liset.
Før nr. 1545 g.m. Magnhild. 1545. Effi Jonsdotter, f. ca. 1635 d. 1725 |
||
| Hans var frå Liset, men
opphavet til Guri er ukjent. Hans og Guri gifta seg i 1730. Hans var brukar av ei jord på Liset frå 1730 til 1752, då mannen til dottera Dorte overtok. Barn: Dorte (nr. 193), Anders (f. 1733), Per (f. 1734, d. 1742), Kristian (f. 1737), Peder (f. ca. 1742, g. m. Marte Andersdotter frå Hole, bst. Hamnen i Bremanger (Rugsundøya)). |
Erik
var frå Liset, opphavet til Magdeli er ukjent.
Fødselsåret til Erik er frå bygdeboka,
som byggjer
på manntalet i 1701, men han var nok fødd litt
tidlegare.
Det ville stemme betre både med alderen på mora og
alderen
på sonen Hans. Erik var brukar av ei jord på Liset frå 1705 til 1730. Denne jorda hadde faren hatt før, og sonen Hans overtok. |
|||||
| 194. Ole Fredriksson, f. ca. 1724, d.
1802 |
195. Kristi Andersdotter, d. ca. 1780 |
|||||
| Opphavet
til Ole og Kristi er ukjent. (Men Fredrik var eit uvanleg namn i
Sunnfjord på den tida, så det kan tenkjast det er
mogleg
å finne den rette.) Kristi var først gift med Ole Monsson frå Rylandsholmen i Bremanger. Ole Monsson var brukar av ei jord i Allmenningen i Bremanger frå 1750. Han forsvann på sjøen i 1751. Kristi sat som brukar til ho gifta seg på nytt. Barn: Marie (f. 1750, ufør i 1801, d. 1804) Ole Fredriksson og Kristi gifta seg truleg rundt 1755, for det året overtok han etter henne som brukar av jorda i Allmenningen. Kristi døydde rundt 1780. Ole fekk kår av Ole Hansson, som overtok bruket. Barn: Else, Kristine (f. ca. 1787, levde i 1801) Ole gifta seg igjen med enkja Malene Pedersdotter (f. ca. 1742). Dei budde på Rylandsholmen i Bremanger og levde av fiske (vel i tillegg til kåret frå Allmenningen). Malene levde framleis i 1801. |
||||||
| 196. Ananias Andersson |
197. Anne Abrahamsdotter |
|||||
| Ananias og Anne gifta seg i 1766. Han var sagd å vere frå Husefest, ho frå Holmesund. Husefest i Flora |
||||||
| 198. Jørgen Nilsson, d. 1789 |
199. Mari Eriksdotter |
396.
Nils ?? |
||||
| Opphavet til Jørgen og Mari er
ukjent. Jørgen og Mari har nok gifta seg på slutten av 1750-talet. Jørgen var brukar av ei jord i Sørbotnen i Bremanger frå 1759 til 1787. Frå bygdeboka, bd. II s. 709: "I 1766 fekk dei besøk av lensmannen som var send dit av jordeigar Hans Nagel. Lensmannen skulle sjå over bygningane og seie frå til Jørgen at han og familien måtte ut til våren. Jørgen svara på dette at om det kom ein ny bygselmann så kom ein av dei til å verte liggjande. Det ser heller ikkje ut til at det kom nokon ny bygseltakar." Jørgen døydde i 1789. Barn: Gjert (f. 1758, ikkje nemnd i skiftet etter faren i 1789), Nils (f. 1758, d. 1801), Johanne, Brite (f. 1764, g. (1) 1791 m. Lars Hansson Øvre Frøya, bst. Øvre Frøya, g. (2) 1801 m. Anders Larsson frå Mulehamna, bst. Øvre Frøya), Marte (enkje ved skiftet etter faren i 1789, tente hos farbroren Peder Nilsson på Solheim i Norddalsfjorden). |
Hadde sonen Peder Nilsson på Solheim i Norddalsfjorden. | |||||
| 224. Guluv Torbjørnsson |
225. Valborg Torjusdotter, d. 1787 |
|||||
| Eg kjenner ikkje opphavet til Guluv og
Valborg. Guluv var først gift med Karen Nilsdotter. I 1731 budde dei på Våland i Lindesnes (Vålandsfjella), men frå 1734 til 1741 finn vi dei på Gauksheim i Lindesnes. Det er mogleg det var Karen som døydde på Ramsland i Lindesnes i 1746, 50 år gammal. Dei kjende barna til Guluv og Karen: Anne (f. 1731), Anne (f. 1734), Nils (f. 1736), Joran (f. 1741). Guluv og Valborg gifta seg i 1747. Han budde då på Remesheia under Remesvik i Lindesnes. Ho er kalla "Svenken". Eg kan ikkje finne nokon slik stad; det næraste er Svennevik i Lindesnes; det kan jo tenkjast at det er feilskriving for "Svenneviken". I 1748 budde dei på Remesheia, men i 1751 var dei på Hesteland i Lindesnes. Når Guluv døydde, veit eg ikkje. Enkja Valborg døydde i Høllen i Lindesnes i 1787. Då er det sagt at ho var 80 år, men talet er truleg litt for høgt. Dei kjende barna til Guluv og Valborg: Anne (1748), Tønnes (1751). |
||||||
| 242. Hoskuld Gunnuvsson, f. ca. 1719 d.
1777 |
243. Anne Olsdotter |
|||||
| Opphavet til Hoskuld kjenner eg ikkje.
Anne kom frå (Ytre) Jørgenstad i Lindesnes. Hoskuld og Anne gifta seg i 1752. Dei budde på Ytre Jørgenstad. Barn: Ole (f. 1752), Ester (f. 1754, g. 1781 m. Anders Taraldsson "Soudland", bst. Jørgenstad), Marie (f. 1757, g. 1781 m. enkjemann Knut Torjesson Ramsland), Ole (f. 1759), Gunnhild, Anne (f. 1763, g. 1785 m. Ådne Ådnesson Haraldstad) Jørgenstad i Lindesnes |
||||||
| 486.
Ole Olsson??, f.ca. 1697 d. 1775 |
487.
Anne Madsdotter |
|||||
| Det er ikkje sikkert dette er foreldra til Anne Olsdotter. Ole Danielsson og Karen Jørgensdotter er eit anna kandidatpar. | ||||||